Hopp til innhald

Einar Enger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Einar Enger

Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. august 1950 (74 år)
Yrke agronom, forretningsdrivande
Medlem av 22. juli-kommisjonen
Einar Enger på Commons

Einar Enger (fødd 16. august 1950) er ein norsk næringslivsleiar som har vore direktør for NSB og Tine BA og styreleiar for Felleskjøpet.

Enger er utdanna agronom ved Landbrukshøgskulen på Ås og arbeidde innanfor Landbrukssamvirket før han vart direktør i NSB i 2001. Han var direktør i Tine BA frå 1995 til 2001 og har arbeidd i leiinga i Fellesmeieriet og Gilde.

Enger blei direktør i NSB etter Osmund Ueland i 2001. 17. november 2010 blei det gjort kjend at Enger skulle gå av som konsernsjef i NSB.[1] På årsmøtet til Felleskjøpet i april 2011 blei han vald som ny styreleiar etter Steinar Dvergsdal.[2]

12. august 2011 blei Enger utnemnd til medlem av 22. juli-kommisjonen i statsråd.[3]

  1. Einar Enger går av i NSB, vg.no
  2. Bjarne Bekkeheien Aase (7. april 2011). «Einar Enger vald til styreleiar i Felleskjøpet Agri». Nationen. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 25. januar 2015. 
  3. Offisielt fra statsråd 12. august 2011, regjeringen.no. Besøkt 12. august 2011.
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy