Hopp til innhald

Etnologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Etnologi (frå gresk ethnos, folk og logia, lære), som tidlegare vart kalla folkelivsgransking, er eit akademisk fag innanfor humaniora som granskar den materielle og sosiale kulturen i dei vestlege samfunna. Etnologi må ikkje forvekslast med etnografi, som er den tidlegare nemninga på det faget som no heiter sosialantropologi.

Soga om etnologien

[endre | endre wikiteksten]

På siste halvdelen av 1800-talet oppstod det i Skandinavia ein reaksjon på at faget historie konsentrerte seg stort sett berre om statar, politikk og framståande personar. Nemninga kulturhistorie vart teke i bruk for det som hadde med kvardagslivet og vanlege folk å gjere, for på det viset å gje denne sida av historia tyngd. Etter kvart skjedde det ei spesialisering ved mange universitet: Dei kulturhistorikarane som hadde som sitt studieobjekt den materielle kulturen («gjenstandskulturen») og sosiale aspekt ved arbeid og næringsutøving, fekk nemninga etnologar. Dei tok seg av slike tema som byggeskikk, jordbruk, reiskapsbruk, handverk, kosthald og folkedrakter, og frå 1990-talet dessutan tema som individ - kollektiv, natur - kultur. Dei kulturhistorikarane som studerte folkloren eller den åndelege kulturen fekk nemninga folkloristar, og deira spesialfelt ble den immaterielle og munnleg kulturen i form av folkedikting, folkemusikk, folketru og folkelege ritual.

Faga etnologi og folkloristikk vart i 2002 slege saman til eitt fag i Noreg, kulturhistorie.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy