Hopp til innhald

Europacupen i fotball 1977

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Europacupen i fotball 1977 var ei fotballturnering der vinnarane av 31 europeiske toppseriar i fotball var påmelde, attåt tittelforsvarar Bayern München. Turneringa var den 22. i rekka. I finalen 25. mai 1977 i Roma vann engelske Liverpool FC med 3-1 over vesttyske Borussia Mönchengladbach. Det var andre gongen eit engelsk lag sigra i Serievinnarcupen.

Europacupen 1977 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkamp talde bortemål dobbelt. Turneringa tok til 14. september 1976. Etter to cuprundar i september-november, vart kvartfinalane og semifinalane avvikla i mars-april 1977.

Vinnarlaget Liverpool slo etter tur ut Crusaders frå Belfast, tyrkiske Trabzonspor, AS Saint-Étienne og FC Zürich, medan Mönchengladbach eliminerte Austria Wien, AC Torino, Club Brugge og Dynamo Kiev.

Lagoppstillingane i fialen

52 078 tilskodarar såg finalen på Stadio Olimpico i Roma 25. mai 1977. Liverpool tok leiinga ved Terry McDermott i 28. minutt, Allan Simonsen utlikna seks minuttur ut i andre omgang og Tommy Smith sende Liverpool i føringa att etter 65. minuttar spel. Sju minuttar før dommaren bles av kampen la Phil Neal på til 3-1 på eit straffespark..

Vinnarlaget Liverpool stilte med Ray Clemence, Phil Neal, Tommy Smith, Emlyn Hughes (kaptein), Joey Jones, Ian Callaghan, Jimmy Case, Terry McDermott, Ray Kennedy, Kevin Keegan og Steve Heighway.

For Borussia Mönchengladbach spelte: Wolfgang Kneib, Berti Vogts (kaptein), Hans-Jürgen Wittkamp, Rainer Bonhof, Hans Klinkhammer, Frank Schäffer, Uli Stielike, Horst Wohlers, Allan Simonsen, Jupp Heynckes og Herbert Wimmer. Christian Kulik kom innpå i staden for Wimmer midtvegs i fyrste omgang, medan Wilfried Hannes tok plassen til Wohlers i det 79. minutt.

Franske Robert Wurtz var finaledommar.

pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy