Hopp til innhald

Finn Christian Jagge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finn Christian Jagge


Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. april 1966
Oslo
Død 8. juli 2020 (54 år)
Oslo
Idrett alpint
Tok del i Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 1988, Alpint under Vinter-OL 1992 – Slalåm menn
Utmerkingar Aftenpostens Gullmedalje

Finn Christian Jagge (4. april 19668. juli 2020) var ein norsk skirennar som vart olympisk meister i slalåm i 1992 i Albertville. Mellom desember 1991 og desember 1999 vann han sju renn i verdscupen i alpint, alle i slalåm. Han var medlem av Bærums Skiklubb.

Jagge fekk sin internasjonale meisterskapsdebut i 1985 då han vart nummer 15 i spesialgreina slalåm under VM i alpint. To år seinare kom han på sjuandeplass i den alpine kombinasjonen i VM 1987 i Crans-Montana. Under vinter-OL 1988 i Calgary vart han nummer ni i kombinasjonen, den beste norske plasseringa i alpint under leikane. I dei neste alpine verdsmeisterskapane, 1989 og 1991, vart han høvesvis nummer 13 og 8 i slalåm.

Den 17. desember 1991 kleiv Jagge inn mellom verdstoppane i slalåm-øvinga. Han vann då i Madonna di Campiglio sitt fyrste renn i verdscupen i alpint. Mindre enn to månader seinare opplevde han høgdepunktet som ski-alpinist. Han sikra seg gullmedaljen i slalåm under vinter-OL i Albertville, 0,28 sekund føre Alberto Tomba frå Italia. Jagge vart same året tildelt Morgenbladets gullmedalje for 1992, saman med seglaren Linda Andersen.

Utover på 1990-talet tevla Jagge ofte jamnt med dei beste slalåmkøyrarane i verda. Han vann verdscuprenn i 1994, 1997, 1997/98-sesongen, to renn i 1998/99-sesongen og tok midt i desember 1999 sin sjuande og siste siger i verdscupen i slalåm på same staden der han åtte år tidlegare, på få dagar nær, tok sin fyrste siger.

Jagge la opp som aktiv alpinist i 2000.

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy