Gran Sasso
Gran Sasso | |||
fjell | |||
Corno Grande i Gran Sasso
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Område | Abruzzo | ||
Fjellkjede | Appenninane | ||
Høgd | Corno Grande - 2 912 moh moh. | ||
Førstestiging | 19. august 1573 | ||
Koordinatar | 42°17′N 13°20′E / 42.283°N 13.333°E | ||
Gran Sasso 42°28′09″N 13°33′55″E / 42.469166666667°N 13.565277777778°E | |||
Wikimedia Commons: Gran Sasso |
Gran Sasso er det høgaste fjellområdet i Appenninane i Abruzzo i Italia. Det høgaste fjellet er Corno Grande på 2 912 moh. Fjellområdet utgjer nasjonalparken Parco Nazionale del Gran Sasso e Monti della Laga som vart oppretta i 1993. Gran Sasso er òg det høgaste fjellområdet på Den italienske halvøya. L'Aquila er den næraste byen til Gran Sasso, berre 16 km frå Assergi, ein liten landsby ved foten av fjellet. Roma ligg 132 km med bil frå fjellet.
Dei tre toppane på Gran Sasso er Corno Grande med 2 912 meter over havet, Corno Piccolo og Pizzo Intermésoli. Toppane er dekte av snø det meste av året. På nordsida av Corno Grande ligg Calderonebreen, den sørlegaste isbreen i Europa. Han er derimot i kraftig tilbakegang og forskarar reknar med at han truleg vil forsvinne rundt år 2020.
I 2005 vart den 2 424 meter høge toppen tidlegare kalla Gendarme, nemnd opp etter pave Johannes Paul II.[1] Paven vitja ofte staden og omtalte fjellet som ein «spesiell stad å møte Gud» og at Gran Sasso minte han om fjella i heimlandet Polen.
Biletgalleri
[endre | endre wikiteksten]-
Corno Grande sett frå Campo Imperatore
-
Gran Sasso om vinteren
-
Gran Sasso frå Campo Imperatore-platået
-
Gran Sasso sett frå nord
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gran Sasso» frå Wikipedia på engelsk, den 13. november 2007.
- Fotnotar
- ↑ «Peak is named after late pontiff». BBC News. Henta 18. mai 2005.