Gulating lagdøme
Utsjånad
Gulating lagdøme er området Gulating lagmannsrett får sine saker frå[1], og i tillegg namnet på eit historisk lovområde som er nesten tilsvarande i utstrekning. I dag omfattar lagdømet vestlandsfylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Lagdømet er inndelt i 2 lagsokn, der Rogaland utgjer det eine. Gulating lagdøme er også namnet på området som tradisjonelt var omfatta av Gulatingslova, dette inkluderte også Setesdalen, Agder, Sunnmøre, Valdres, Hallingdal, Shetland og Færøyane.