Hopp til innhald

Henrik Møllgaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henrik Møllgaard


Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 2. januar 1985 (40 år)
Bramming
Idrett handball
Tok del i Sommar-OL 2016, Handball-VM 2019 for menn, Handball under Sommar-OL 2016 – Menn, Handball under Sommar-OL 2020 – Menn

Henrik Møllgaard Jensen (fødd 2. januar 1985) er ein dansk handballspelar. Perioden 2016-24 vart han to gongar olympisk meister og tre gongar verdsmeister med Danmark sitt landslag. Han er venstre rykkromspelar og kan vere spelstyrar, men er særleg kjent som ein framifrå forsvarsspelar.

Møllgaard var aktiv for Kolding IF frå 2005 til 2009. Deretter spelte han på Aalborg HB sitt lag i tida 2009-12. Sidan var han Skjern-spelar i tre sesongar og like lenge, 2015-18, gjorde han teneste i franske Paris Saint-Germain. Med Skjern vart han cupmeister i 2013 og med Paris Saint-Germain seriemeister alle tre sesongane, samt cupmeister i 2018. Sommaren 2018 flytta han tilbake Aalborg HB. Med Aalborg vart Møllgaard cupmeister i 2018 og seriemeister i 2019, 2020, 2021 og 2024.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Møllgaard fekk sin landslagsdebut i juni 2006. I tida 2013-24 var han med på å vinne tre VM-gull, to OL-gull, OL-sølv, VM-sølv, to EM-sølv og ein EM-bronse. Under Handball-EM 2016 vart han kåra til meisterskapens beste forsvarsspelar, endå om Danmark då ikkje lukkast vinne medalje. Sommaren 2016 vann han gull for Danmark under Sommar-OL i Rio de Janeiro. Sidan fekk han gull i tre verdsmeisterskap på rad: 2019, 2021 og 2023. I Sommar-OL 2024 i Paris vart han olympisk meister for Danmark for andre gong. Møllgaard har delteke i over 220 landskampar.

pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy