Hopp til innhald

Higgs-boson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne simulerte proton-proton-kollisjon syner det som kan vera eit Higgs-boson. Partiklane deler seg i to strålar av hadronar og elektronar, synlege som linjer.

Higgs-boson er ein elementærpartikkel i standardmodellen som forklarer at dei fleste partiklar har ein kvilemasse. Bosonet er kalla opp etter forskaren Peter Higgs som utforma teorien om denne partikkelen. Eksistensen av Higgs-bosonet vart først stadfesta på 4. juli 2012 og var frå teorien først vart lagd fram i 1964 eit av dei store måla innan partikkelfysikken.[1] Partikkelen har ein masse på 125,3 ± 0,6 GeV.

Teorien går ut på at alle partiklar i utgangspunktet er masselause, men ved låg energi vil dei partiklane som vekselverkar med Higgs-bosonet opptre som massive partiklar. Denne effekten er nært relatert til eit fenomen kalla spontant symmetribrot, som trengst for at Higgs-partikkelen skal kunne generere masse for dei andre partiklane. Sidan Higgs-bosonet styrer alle andre partiklar vert det på folkemunne òg kalla «Gudepartikkelen».

Higgs-bosonet vart påvist i eksperiment ved partikkelakseleratoren Large Hadron Collider ved CERN. Eit av hovudmåla med LHC var nettopp å leite etter bevis for at Higgs-partikkelen eksisterer.

pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy