Hopp til innhald

Hjelm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For planteslekta, sjå hjelmar.
Mann med gullhjelm. Måleri av Rembrandt.

Hjelm (norrønt hjalmr) er eit vernande hovudplagg av hardt og/eller absorberande materiale. Ein hjelm kan verna hovudet mot slag, støyt og andre skadar eller farer. Typiske bruksområdet er i militær samanheng, som verneutstyr for arbeid, til ein del idrett og anna rørsle eller transport. Nokre hjelmar kan hovudsakleg ha seremoniell eller utkledande funksjon, og kan ha ei utforming som ber preg av dette.

Historisk laga ein hjelmar av lêr, metall, tekstilar og tidvis bein. Sidan 1900-talet har ein også teke i bruk kunststoff som epoxy og kevlar.

Kulturell tyding

[endre | endre wikiteksten]

Ein hjelm kan vera eit teikn på ein mektig krigar, og er blitt brukt i framstillingar av krigargudar som Ares, Atene, Bellona og Mars, erobrarar som Aleksander den store, vikingar eller conquistadorar.

Ein del germanske namn som Hjalmar, Anselm, Vilhelm er avleidde av «hjelm», medan namn som Kjetil og Kjell kan vera knytte til hovudplagget.

Spire Denne kledeartikkelen som har med historie og teknologi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy