Hopp til innhald

Hydrokarbon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hydrokarbon er kjemiske sambindingar som berre inneheld karbon og hydrogen. Alkan er hydrokarbon med enkeltbindingar mellom alle atom. I alken er det dobbeltbinding mellom to karbonatom, og i alkyn er det trippelbinding. I tillegg er ein del aromatiske sambindingar hydrokarbon. Eit hydrokarbon kan innehalda meir enn ei dobbelt- eller trippelbinding. Namna sluttar på -an for alkan, -en for alken og -yn for alkyn. Dei fleste hydrokarbona er tungt løyselege i vatn.

Hydrokarbon finst mellom anna i petroleum (olje, naturgass og naturgasskondensat). Nokre av dei vert brukt til framstilling av plast.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Hydrokarbon
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy