Hopp til innhald

Jörgen Brink

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jörgen Brink


Statsborgarskap Sverige
Fødd 10. mars 1974 (50 år)
Hudiksvall
Idrett langrenn, skiskyting
Tok del i cross-country skiing at the 2002 Winter Olympics, cross-country skiing at the 2006 Winter Olympics, Ski-VM 2001, Ski-VM 2003, Ski-VM 2005

Jörgen Brink (fødd 10. mars 1974) er ein svensk langrennsløpar og skiskyttar frå Delsbo. Han bur i Sollefteå og tevlar for Hudiksvalls IF.

I VM 2003 i Val di Fiemme vann Brink tre bronsemedaljar, på duatlon (10 km klassisk + 10 km fri), på 50 km og på 4 x 10 km stafett. Han vert særleg hugsa for sin kollaps på stafetten. Han gjekk ut på siste etappe i ganske klar leiing, men gjekk tom etter ca. 8 km og vart forbigått straks før oppløpet av både Thomas Alsgaard og av Tysklands Axel Teichmann.[1]

Brink har ein individuell siger i verdscupen i langrenn, på 30 km fellesstart i Otepää den 12. januar 2003. Han var også på det svenske verdscuplaget som vann 4 x 10 km stafett i Falun 23. mars 2003. Brink kom på tredjeplass i verdscupen for 2002/03-sesongen.

Etter 2006 byrja han for fullt med skiskyting. Her opnådde han som beste ein femteplass i eit sprintrenn i Vancouver i 2009.

Brink gjekk så over til langrenn att, og satsa på dei store maratonrenna. Han deltok i Vasaloppet fyrste gongen i 2007 og vart nummer tre. Sidan vann han Vasaloppet tre år på rad, 2010-12.

  1. Video av stafetten fra 2003

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy