Juan Manuel Santos
Juan Manue Santos | |||
| |||
Fødd | 10. august 1951 (73 år) Bogotá i Colombia | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Colombia | ||
Parti | Partido Social de Unidad Nacional | ||
Yrke | politikar, journalist, samfunnsøkonom, advokat | ||
Utdanna ved | University of Kansas London School of Economics Harvard Kennedy School Tufts University The Fletcher School of Law and Diplomacy Kansas State University Colegio inediluz | ||
Far | Enrique Santos Castillo | ||
Verv | President i Colombia 7. august 2010– | ||
Føregangar | Álvaro Uribe | ||
Verv | Forsvarsminister i Colombia 7. august 2006-22. mai 2009 | ||
Etterfylgjar | Gabriel Silva Luján | ||
Verv | Minister for finans og offentleg kreditt 7. august 2000-7. august 2002 | ||
Føregangar | Juan Camilo Restrepo | ||
Etterfylgjar | Roberto Junguito Bonnet | ||
Alle verv |
Juan Manuel Santos Calderón (fødd 10. august 1951) er ein colombiansk journalist, økonom og konservativ politikar som har vore president i Colombia sidan august 2010. Han representerer Partido Social de Unidad Nacional («det sosiale partiet for nasjonal eining», også kalla Partido de la U eller «U-partiet»), som Santos er ein av grunnleggjarane og leiarane av.
Santos blei vald til å vera president i landet frå 7. august 2010 til 7. august 2014 etter å ha sigra over motkandidaten Antanas Mockus i det nasjonale presidentvalget i 2010. Under presidentvalget i 2014 blei han gjenvald for fire nye år, etter å ha sigra over Óscar Iván Zúñiga (CD) i andre valgrunde.
Juan Manuel Santos har tidlegare vore forsvarsminister i Colombia. Han var då involvert i fleire politiske skandalar, som ein intervensjon i Ecuador mot FARC-geriljaen). Han har også vore minister for finans og offentleg kreditt.
Santos kjem frå ein velståande og svært tradisjonell colombiansk familie. Grandonkelen hans Eduardo Santos var den 20. presidenten i landet frå 1938 til 1942, medan fetteren Francisco Santos Calderón var visepresident under Álvaro Uribe.
Santos vart tildelt Nobels fredspris i 2016.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Juan Manuel Santos» frå Wikipedia på bokmål, den 26. desember 2014.
- Fotnotar