Hopp til innhald

Katteliknande rovpattedyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katteliknande rovpattedyr
Frå øverst til venstre, med urviseren: fossa (gassiske snikekattar), leopard (kattefamilien), Urva vitticolla, utan norsk namn (mungofamilien), afrikasivett (snikekattfamilien), leopardmår (leopardmårfamilien), flekkhyene (hyenefamilien)
Frå øverst til venstre, med urviseren:
fossa (gassiske snikekattar),
leopard (kattefamilien),
Urva vitticolla, utan norsk namn (mungofamilien),
afrikasivett (snikekattfamilien),
leopardmår (leopardmårfamilien),
flekkhyene (hyenefamilien)
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Infraklasse: Placentale pattedyr Placentalia
Overorden: Laurasiatheria
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Underorden: Katteliknande rovpattedyr Feliformia
Kretzoi, 1945

Katteliknande rovpattedyr (Feliformia) er ein underorden innan ordenen rovpattedyr med omtrent 130 artar. Dei er systergruppa til hundeliknande rovpattedyr (Caniformia) og omfattar, i tillegg til kattefamilien (Felidae) som den største gruppa, fleire andre familiar.

Kjenneteikn

[endre | endre wikiteksten]

Katteliknande rovpattedyr har vanlegvis kortare, men kraftigare hovudskallar enn hundeliknande rovpattedyr. Hjørnetennene er betre utvikla, og talet på jekslar er reduserte.

Historie og systematikk

[endre | endre wikiteksten]

Blant dei katteliknande rovpattedyra kan ein spore slekta Pappictidopis frå Shanghuan-formasjonen i Kina, og dessutan slektene Pristinictis og Ravenictis funnet i Canada, allereie frå tidleg paleocen. Tilhøyrselen til dei katteliknande rovpattedyra blir her fastslått på grunnlag av reduksjonen i talet på jekslar til to.

Blant dei utdøydde katteliknande rovpattedyra, som ikkje blir rekna med i kattefamilien, finn vi spesielt falske sabeltannkattar og Barbourofelidae. Begge gruppene liknar på sabeltannkattar, sjølv om desse tilhøyrer kattefamilien. Dei eldste ekte kattane tilhøyrde den omtrent ozelot-store slekta Proailurus, som levde for rundt 30 millionar år sidan i oligocen og tidleg miocen i Europa.

Berre kattefamilien, falske sabeltannkattar, Barbourofelidae og hyenane (den no utdøydde slekta Chasmaporthetes) nådde det amerikanske kontinentet blant dei katteliknande rovpattedyra. Alle andre katteliknande rovpattedyr vart verande i «den gamle verda».

Systematikken for katteliknande rovpattedyr, og særleg klassifiseringa av enkelte grupper, har variert over tid. Ifølgje dagens forståing omfattar gruppa følgjande nolevande familiar:

  • Denne artikkelen bygger på «Katzenartige» frå Wikipedia på tysk, den 8. oktober 2024. Artikkelen gav følgjande kjelder:
    • Don E. Wilson, Russell A. Mittermeier (Hrsg.): Handbook of the Mammals of the World. Band 1: Carnivores. Lynx Edicions, 2009, ISBN 978-84-96553-49-1.
    • Don E. Wilson, D. M. Reeder: Mammal Species of the World. Johns Hopkins University Press, 2005, ISBN 0-8018-8221-4.
    • Thomas S. Kemp: The Origin & Evolution of Mammals. Oxford University Press, Oxford 2005, ISBN 0-19-850761-5.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Feliformia
Commons har multimedium som gjeld: Katteliknande rovpattedyr
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy