Hopp til innhald

Lillehammer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lillehammer
By
Lillehammer sett frå Vingnes.
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Lillehammer
Areal 11,5 km²
Folketal 21 263  (2023)
Folketettleik 1 849 / km²
Innbyggjarnamn lillehamring
Preposisjon Lillehammer
Ferdselsårer Lillehammer213250255
Kart
Lillehammer
61°06′58″N 10°27′28″E / 61.116111°N 10.457778°E / 61.116111; 10.457778
Wikimedia Commons: Lillehammer

Lillehammer er ein by og administrasjonssenteret i Lillehammer kommune i Innlandet fylke. Byen har 21 263 innbyggjarar per 1. januar 2023, er sete for fylkesmannen og fylkesadministrasjonen i Oppland, og er prostesete i Sør-Gudbrandsdal prosti.

Storgata på Lillehammer.
Lillehammer kunstmuseum

Lillehammer fekk kjøpstadrettar i 1827 og bystatus i 1842. Kjøpmann Ludvig Wiese har vore rekna som grunnleggjar av byen, og det vart reist ein statue av han på Lilletorget i samband med byen sitt 100-årsjubileum. Fram til midten av 1800-talet låg busetnaden hovudsakleg i området rundt Hammer gard. Byen hadde i 1850 om lag tusen innbyggjarar, og hadde gode kommunikasjonar sør- og nordover. Legginga av hovudbanen Oslo-Eidsvoll i 1852 baserte seg på vidare samband med dampskip langs Mjøsa til Lillehammer, og nylagt veg vidare oppover Gudbrandsdalen. Dette transportsystemet gjorde transitt av tømmer[1] og jordbruksvarer til hovudstaden mogleg, og bidrog til at byen voks fram.

Olympiske og paralympiske vinterleikar

[endre | endre wikiteksten]

Lillehammer var i 1994 vertsby for dei 17. olympiske vinterleikane; vinter-OL 1994. Samstundes var vinter-PL 1994 arrangert i byen. I den samanhengen vart det bygd nye idrettsanlegg, og eksisterande kulturbygg og vegar fekk ei opprusting. I 2016 var Lillehammer på nytt vertsby for OL etter at han 7. desember 2011 var vald ut som vertsby for vinter-OL for ungdom 2016.

Vennskapsbyar

[endre | endre wikiteksten]

I andre land

[endre | endre wikiteksten]

«Lillehammer» i Store norske leksikon, snl.no.

  1. Bayard Taylor, En reise i Norge i 1857, New York/London 1857, Frifant Forlag 2009, side 19.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy