Hopp til innhald

Lysaker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nedre del av Lysakerelva, med gamle industriområde gjort om til kontor og kjøpesenter
Foto: Kjetil Lenes
Europaveg 18 inn mot Lysaker i retning Drammen i 2010
Europaveg 18 på Lysaker i retning Drammen i 1981

Lysaker er ein tettbygd stad med hovudsakleg kontorblokker på grensa mellom kommunane Bærum i Akershus og Oslo, i området der Lysakerelva munnar ut i Lysakerfjorden, ein part av Indre Oslofjord. Kommunegrensa følgjer elva og Lysakerfjorden. Lysaker er ein del av tettstaden Oslo, og sterkt prega av moderne kontorbygg. Namnet kjem av norrønt Ljósakr, lys eng.

Lysaker er eit trafikknutepunkt. Ingen andre stader i Noreg passerer det fleire bilar i døgn enn på Europaveg 18 ved Lysaker. Statens vegvesen har rekna ut at det i perioden 2005–2010 vil vere i gjennomsnitt 170 000 passeringar kvart døgn.

Her ligg òg Lysaker stasjonDrammensbanen, og frå 2011 òg på Askerbanen, og er ein av dei største i landet rekna etter talet på ferdafolk. Flytoget stoggar på Lysaker, og her er òg eit bussknutepunkt. Mellom Lysaker og Nesodden går det passasjerferje.

Fridtjof Nansens hus «Polhøgda» ligg på Lysaker. Det hyser no Fridtjof Nansens institutt.

Lysaker har gjeve namn til den uformelle gruppa Lysakerkretsen; kunstnarar og vitskapsmenn som levde i området rundt 1900.

  • Store Norske Leksikon

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Lysaker
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy