Hopp til innhald

Maal og Minne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Maal og Minne er eit tidsskrift for norsk språk, språkminne- og folkeminnegransking. Tidsskriftet vart gjeve ut av Bymålslaget og kom ut fyrste gongen i 1909. Det kjem med to nummer i årgangen.

Maal og Minne vart grunnlagt av Magnus Olsen, som og redigerte tidsskriftet fram til 1950. Seinare redaktørar har vore Trygve Knudsen (1951-67), Ludvig Holm-Olsen (1951-84), Einar Lundeby (1968-95), Bjarne Fidjestøl (1985-93), Odd Einar Haugen (1995-2005) og Kjell Ivar Vannebo (1996-2005). Sidan 2006 har Lars S. Vikør og Jon Gunnar Jørgensen hatt redaktøransvaret.

Maal og Minne tek imot artiklar og anna stoff skrive på norsk, svensk, dansk, engelsk og tysk.

Frå og med 1972 vart Maal og Minne publisert av Det Norske Samlaget, men frå og med 2010 har det vore publisert av Novus forlag.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy