Hopp til innhald

Manolo el del bombo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Manolo el del Bombo, (eigentleg Manuel Caceres Artesero), er ein spansk fotballsupporter, som reiser til EM og VM for å heie på landslaget sitt. Han har reist på Spania sine bortekampar sidan 1979. For å finansiere denne hobbyen, så driv han ein bar, som også er eit fotballmuseum. Favorittklubben hans er Valencia CF., og den baren, som han driv ligg ved sidan av Valencia CF si heimebane Mestalla stadion.

Han har to kjenneteikn. Det eine er ei baskerhue. Det andre er ei stortromme. Han er avbilda i Bjørge Lillelien og Tor Røste Fossen si bok om verdsmeisterskapet i Mexico i 1986.

Kjelder:

- engelsk wikipedia. https://en.wikipedia.org/wiki/Manolo_el_del_bombo

- Bjørge Lillelien og Tor Røste Fossen: "VM-boka. Mexico, Maradona og andre høydepunkter". Aschehoug 1986 side 130.

pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy