Manuel Neuer
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 27. mars 1986 (38 år) | ||
Fødestad | Gelsenkirchen | ||
Høgd | 192 cm | ||
Posisjon | Keeper | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Bayern München | ||
Nummer | 1 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1991-2004 | Schalke 04 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2005-11 2011- |
Schalke 04 Bayern München |
156 (0) 95 (0) | |
Landslag | |||
2006-09 2009- |
Tyskland U21 Tyskland |
20 (0) 45 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. mai 2014 ‡ Landslagsmål oppdatert 5. mars 2014 |
Manuel Neuer (fødd 27. mars 1986 i Gelsenkirchen i Nordrhein-Westfalen) er ein tysk fotballspelar som har spela som keeper for Bayern München i tysk Bundesliga. Han har òg landskampar for Tyskland. Fram til han gjekk til Bayern München i 2011, spelte han heile karrieren sin for Schalke. Han vart seriemeister med Bayern München i 2013 og 2014, vann den europeiske [[Meisterligaen i 2013 og VM for klubblag same året. I 2007 vart han kåra til beste keeper i Bundesliga og i 2011 til årets spelar i Tyskland. Han var med på å vinna U21-EM med Tyskland i 2009, og vart òg kåra til beste keeper i turneringa. Neuer debuterte for Tyskland sitt A-landslag 2. juni 2009 i ein privatlandskamp mot Dei sameinte arabiske emirata. Då Tyskland sin andrekeeper Robert Enke brått døydde i november same året vart Neuer andreval for det tyske landslaget. I 2010 vart han førstekeeperen til Tyskland under fotball-VM i Sør-Afrika då førstevalet René Adler vart skada før turneringa.