Hopp til innhald

Margrethe Renstrøm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Margrethe Renstrøm
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. mars 1985 (39 år)
Søgne
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2012

Margrethe Renstrøm (fødd 21. mars 1985) er ein norsk friidrettsutøvar som hoppar lengde for idrettsklubben Tjalve. Margrethe Renstrøm er opphavleg frå Søgne, men bur i Oslo og er utdanna fysioterapeut frå Høgskolen i Oslo. Ho hoppa for Søgne Idrettslag før ho gjekk over til IK Tjalve i 2005.

Renstrøm har noregsrekorden i lengdehopp med 6,68 meter, sett i Barcelona under EM i friidrett 2010. Ho slo då sin eigen rekord på 6,64 frå Noregsmeisterskapen i 2009, der ho igjen utraderte den 41 år gamle norske rekorden til Berit Berthelsen på 6,56 meter frå Bislett Stadion den 10. september 1968.

Under EM i friidrett 2012 i Helsingfors tok ho bronsemedalje med resultatet 6,67, 14 cm bak vinnaren Éloyse Lesueur.[1] Renstrøm skulle også delta i Sommar-OL 2012 i London,[2] men på grunn av ein skade i høgrefoten måtte ho trekkja seg berre minutt før lengdekvalifiseringa skulle ta til.[3]

pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy