Hopp til innhald

Matematisk funksjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein funksjon er i matematikken ein relasjon som knyter kvart element i ei gitt mengd til eitt element i ei anna mengd.

Definisjon

[endre | endre wikiteksten]

La A og B vere to mengder. Ein funksjon f frå A til B tilordnar eit unikt element i B til kvart element i A. Viss yB vert tilordna xA, skriv ein f(x) = y. A er då definisjonsmengda til f, og f(A) = {y : y = f(x), x &\in; B} er verdimengda; mengda av alle y som kan skrivast som f(x) = y.

I mengdelæra vert ein funksjon f frå A til B definert som ei delmengd av det kartesiske produktet A×B med eigenskapen at viss a er eit element i A, så finst nøyaktig eitt element b i B sånn at (a,b) ∈ A×B. Denne definisjonen samsvarer med det me vanlegvis vil kalla grafen til funksjonen.

Viss f er ein funksjon med definisjonsmengd A og verdimengde B, skriv ein .

tyder at y er avbildningen av x under f, det vil seie at f(x)=y.

Eigenskapar

[endre | endre wikiteksten]

La f vere ein funksjon frå A til B.

Funksjonen er injektiv viss det for kvart element y ∈ B, ikkje finst meir enn eitt element xA sånn at f(x) = y.

Funksjonen er surjektiv viss det for kvart element y ∈ B, finst minst eitt element xA sånn at f(x) = y.

Funksjonen er bijektiv viss han er både injektiv og surjektiv, det vil seie at det for kvart element y ∈ B finst nøyaktig eitt element xA sånn at f(x) = y.

Det finst uendeleg mange funksjonar. Elementære, men likevel viktige døme er:

Karakteristiske funksjonar: . Funksjonen karakteriserer ei mengd E = {x : f(x) = 1}.

Enkle funksjonar: Lineære summar av karakteristiske funksjonar.

Polynom: Funksjonar på forma .

pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy