Mickey Finn
Mickey Finn | |||
Finn spelar med T Rex i Musikhalle Hamburg, januar 1972 | |||
Fødd | 3. juni 1947 Thornton Heath i Surrey | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Thornton Heath | ||
Død | 11. januar 2003 (55 år) Croydon i Surrey | ||
Dødsstad | Croydon | ||
Fødenamn | Michael Norman Finn | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1970–2003 | ||
Sjanger | Psykedelisk folk, glamrock | ||
Instrument | Bongotrommer, conga, trommer, bass, vokal | ||
Tilknytte artistar | T. Rex Hapshash and the Coloured Coat Mickey Finn's T. Rex The Blow Monkeys The Soup Dragons | ||
Plateselskap | Fly Records/Reprise, EMI, Casablanca, Demon Music Group, Track | ||
Verka som | Musikar |
Mickey Finn eller stundom Micky Finn (fødd Michael Norman Finn, 3. juni 1947–11. januar 2003) var perkusjonist og sidemannen til Marc Bolan i bandet hans Tyrannosaurus Rex (på eitt album, A Beard of Stars), og seinare glamrockgruppa T. Rex. Etter at T. Rex vart oppløyst arbeidde han som studiomusikar for The Blow Monkeys og The Soup Dragons.
Det gjekk rykte om at Bolan hyrte Finn på grunn av utsjånaden hans og at han likte motorsykkelen hans, og ikkje at han var ein dyktig musikar. Finn klarte ikkje å gjenskape dei komplekse rytmane som føregjengaren Steve Peregrin Took hadde. BBC kommenterte dette og sa: «Marc Bolan skal visstnok ha sagt om Finn: 'Han kan ikkje synge... men han ser flott ut.'»[1]
Etter kvart som musikken til T. Rex vart meir og meir elektrisk-basert, og dei trong ein «skikkeleg» trommeslagar, Bill Legend, vart det ikkje lenge trong for bongotrommene til Mickey og han forlet bandet etter fem år.[1]
Finn døydde av alkoholrelaterte leverproblem den 11. januar 2003.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mickey Finn (musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «T Rex band member dies». BBC news entertainment section. BBC news MMIII. 13 January 2003. Henta 31. mars 2011.