Hopp til innhald

Motett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein motett (av fransk mot - ord) er eit musikkstykke for kor, som oftast med religiøs tekst. Teksten kan vera ein salme eller eit utdrag frå Bibelen. Ulike slag motettar har vore i bruk sidan 1200-talet, då forma voks fram frå clausulaen, ein del av den kyrkjelege liturgien.

Motetten har utvikla seg i mange ulike leier frå han vart til. Difor er det ikkje støtt råd å finne ei sams form eller tanke bak musikkstykket. I den tidlege fasen var det ikkje ein gong ein regel at teksten skulle vera religiøs. Likevel var det den religiøse tilknytinga som vann gjennom og overlevde som definisjon på motetten. På 1300-talet var det lite som skilde ein motett frå ein Chanson eller andre verdslege songar. Skiljet gjekk ved at motetten var bygd over fleire tekster, gjerne sungne samstundes. Vidare følgde ikkje motetten regelen for formes fixes.

Ein skil difor mellom isorytmisk motett (1300-talet), Cantus Firmus-motett (1400-talet), og seinare former.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy