Napoleon Murphy Brock
Napoleon Murphy Brock | |||
Zappa Plays Zappa i 2006. | |||
Fødd | 7. juni 1945 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødenamn | Napoleon Murphy Brock | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | Eksperimentell musikk, rock, R&B, jazz, pop | ||
Instrument | Vokal, saksofon, fløyte, klarinett, gitar, synthesizerbass, Fender Rhodes | ||
Tilknytte artistar | Frank Zappa, Zappa Plays Zappa, George Duke, Captain Beefheart, The Grandmothers of Invention[1] | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, plateprodusent | ||
Prisar | Grammy Award for Best Rock Instrumental Performance |
Napoleon Murphy Brock (fødd 7. juni 1945) er ein amerikansk songar, saksofonist og fløytespelar som er mest kjend for arbeidet sitt med Frank Zappa i 1970-åra, inkludert albuma One Size Fits All, Roxy and Elsewhere og Bongo Fury. Mellom anna kan ein høyre stemma hans på songane «Village of the Sun» og «Florentine Pogen».
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Napoleon Murphy Brock starta musikkarrieren sin i San Francisco South Bay Area seint i 1960-åra med eit band han organiserte kalla Communication Plus. Han var frontmannen og låtskrivaren og arrangerte songar som vart sterkt inspirert av R&B. Han spelte òg saksofon og fløyte. Han spelte i forskjellige lokale klubbar som The Brass Rail, The Mecca og Gary R. Schmidt's, The Odyssey Room. Han vart oppdaga då han spelte for eit danseband på Hawaii tidleg i 1970-åra av turnémanageren til Zappa. Med press frå George Duke og Jean-Luc Ponty vart Brock overtydd til å bli med i bandet som vokalist.[2]
Av dei mange framførignane til Napoleon med Zappa finn ein rolla som «Evil Prince» på albumet Thing-Fish. Han har òg spelt med George Duke, Captain Beefheart og i nyare tid med Neonfire og Robert Kramer. Han spelar ofte på Zappanale.
Brock er med i filmen Rock School frå 2005, ein dokumentar om The Paul Green School of Rock Music.
I 2006 turnerte han med sonen til Frank Zappa, Dweezil i bandet Zappa Plays Zappa.[3] Han har òg spelt mykje med andre Zappa-musikarar som Ike Willis og Andre Cholmondeley på Project/Object.
I nyare tid har han fronta Grande Mothers Re-Invented i lag med Roy Estrada og Don Preston (frå Mothers of Invention).
I 2003 gav han ut albumet Balls.
Filmar
[endre | endre wikiteksten]Brock har delte i fleire dokumentar og filmar av Zappa, som
- Baby Snakes (bakgrunn)
- The Dub Room Special
- A Token of His Extreme
- The Amazing Mr. Bickford (på ein fjernsynsskjerm i bakgrunnen)
- The True Story of Frank Zappa's 200 Motels (bakgrunnen)
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Soloalbum
[endre | endre wikiteksten]År | Album | Instrument |
---|---|---|
2002 | Balls | Flute, piano, klaverinstrument, altsaksofon, tenorsaksofon, vokal, plystring, produsent, harmonivokal, Fender Rhodes, synthesizerbass, skrik |
Med Frank Zappa
[endre | endre wikiteksten]År | Album | Instrument |
---|---|---|
1974 | Apostrophe (') | Saksofon, vokal |
1974 | Roxy & Elsewhere | Tenor saksofon, fløyte, solovokal, medlåtskrivar på «Dummy Up» |
1975 | One Size Fits All | Fløyte og tenorsaksofon, solovokal på «Florentine Pogen» og «Andy», korvokal på andre songar, fløyte på «Inca Roads» |
1975 | Bongo Fury | Saksofon, vokal |
1976 | Zoot Allures | Saksofon, vokal |
1979 | Sleep Dirt | Saksofon |
1979 | Sheik Yerbouti | Saksofon, vokal, korvokal |
1984 | Them or Us | gitar, saksofon, vokal, harmonivokal |
1984 | Thing-Fish | Saksofon, vokal, rolle |
1988 | You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 1 | Saksofon, vokal |
1988 | You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 2 | Saksofon, vokal |
1989 | You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 3 | Saksofon, vokal |
1991 | You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 4 | Saksofon, vokal |
1991 | You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 6 | Saksofon, vokal |
1996 | Frank Zappa Plays the Music of Frank Zappa: A Memorial Tribute | |
1997 | Have I Offended Someone? |
Med George Duke
[endre | endre wikiteksten]År | Album | Instrument | |
---|---|---|---|
1976 | Liberated Fantasies | Vokal | |
1978 | Don't Let Go | Vokal | |
1979 | Follow the Rainbow | Vokal | |
1979 | Master of the Game | Vokal |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Napoleon Murphy Brock» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juni 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Planetzappa interview, arkivert frå originalen 14. juli 2014, henta 7. juni 2014
- ↑ «Project/Object Lessons Zappa Veterans Keep Rock Iconoclast's Music Alive.». Albany Times Union (Albany, NY). oktober 24, 2002. Arkivert frå originalen 25. januar 2013. «Zappa wanted Brock to be solovokalist. Brock wasn't interested -- until he found out jazz musikars George Duke and Jean-Luc Ponty were also in the band»
- ↑ «Napoleon Murphy Brock recalls Zappa on 27-mai-2007». Archive.org. Henta 24. mai 2014.