Hopp til innhald

Norsk Bokmannslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norsk Bokmannslag var ei forening for nynorskforfattarar. Foreninga vart stifta 11. mars 1910. Formålet var å fremje litteratur på landsmål. Første formann var Idar Handagard. Foreninga hadde ved stiftinga 41 medlemmer, og Sven Moren vart «skrivar».

Yrkesmållag

[endre | endre wikiteksten]

Alt i 1899 hadde ein diskutert om ein skulle opprette eit mållag for lærarar, men dette vart avvist då mange meinte at det var betre om lærarane arbeidde for saka utan å lage eigne organisasjonar. I 1910 gjekk forfattarar som skreiv på nynorsk likevel inn for å stå saman for å fremje interessene sine, og dette inspirerte sidan folk i andre yrke til å gjere det same. Bladmannalaget var det neste som kom, det skjedde på årsstemnet for Noregs Ungdomslag i Skien i 1913. I 1916 kom lærarmållaget, og sidan kom mange mållag for ulike yrkesgrupper: Telegrafmållaget, Lensmanssmållaget, Norsk Prestemållag, mållag for tilsette i departement, postverket og jarnveg, så vel som mellom ordførarar, ingeniørar, apotekarar, legar og juristar.[1]

Norsk Bokmannslag kom i strid med Den norske forfatterforening, og regjeringa valde etterkvart ut tre representantar frå Norsk bokmannslag til Forfatterforeninga sitt litterære råd. Ein av desse var Sven Moren, som sat i rådet frå 1915 til 1928.[2] Etter dette vart medlemmene i Bokmannslaget også medlemmer i Den norske Forfatterforening.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy