Hopp til innhald

Oliver Dahl-Goli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oliver Dahl-Goli
Fødd13. august 1897
Død19. juli 1976 (78 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
Alle verv

Oliver Dahl-Goli (13. august 189719. juli 1976) var ein predikant, organisasjonsleiar og politikar frå Sandar i Vestfold. Mellom 1961 og 1965 representerte han Kristeleg FolkepartiStortinget.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Dahl-Goli utdanna seg til møbeltapetserar i 1912/13 på ein teknisk fagskule i Tønsberg. Han praktiserte så yrket frå 1913 til 1916. Deretter gjekk han skulevinteren 1916/17 på Vestlandske Indremisjonsforbund sin bibelskule og var frå 1918 reisesekretær for Det Vestlandske Indremisjonsforbund. Perioden 1921–1923 hadde han Finnmark som arbeidsfelt, og 1923–1926 Romsdal krins. I 1927 byrja han arbeide i Den indre Sjømannsmisjon, fyrst som reisesekretær i to år. Sidan var han sekretær for landsstyret, frå 1932 med tittel generalsekretær. Han var dagleg leiar i Sjømannsmisjonen heilt fram til 1963. Dessutan disponerte han dei to hospitalskipa til Sjømannsmisjonen i over 30 år, og nesten like lenge var han redaktør for organisasjonsbladet 'Fiskerens Venn'.

Hausten 1961 vart Dahl-Goli vald til stortingsrepresentant frå valkrinsen Bergen og for Kristeleg Folkeparti, vald på ei fellesliste med partiet Høgre. På Stortinget var han medlem i Protokollkomiteen. Han tok ikkje attval i 1965.

pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy