Hopp til innhald

Rotasjonsperiode

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rotasjonsperioden er den tida det tek for ein lekam i rommet å rotera éin gong rundt sin eigen akse. For solide lekamar er rotasjonsperioden den same over heile lekamen, men for lekamar sett saman av gass eller væske vil rotasjonsperioden vera ulik ved ekvator og polane.

Siderisk rotasjonstid er den tida ein himmellekam brukar på dreie seg ein gang rundt sin eigen akse, det vil sei rotasjonstida i forhold til eit fast punkt på stjernehimmelen. Den sideriske rotasjonstida til jorda er eit siderisk døgn.

Rotasjonsperioden til nokre kjende lekamar

[endre | endre wikiteksten]
Sola 24,66 d ved ekvator, om lag 35 døgn nær polane
Merkur 58,6462 d (58 d 15,5088 t)
Venus −243,0185 d
Jorda 0,997268 d (23,9344 t) (86164 s)
Månen 27,321661 d (bunden rotasjon)
Mars 1,025957 d (24,622962 t)
Jupiter 0,413538021 d (9 t 55 min 29,685 s)
Saturn 0,4440092592 d (10 t 39 min 22,40000 s)
Uranus −0,718333333 d (17 t 14 min 24,00000 s)
Neptun 0,67125000 d (16 t 6 min 36,00000 s)
Pluto −6,387 d (6 d 9 t 17,6 min)
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy