Hopp til innhald

Søramerikansk pelssel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Søramerikansk pelssel
Hanndyr
Hanndyr
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av søramerikansk pelssel
Utbreiinga av søramerikansk pelssel
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Familie: Øyreselfamilien Otariidae
Slekt: Arctocephalus
Art: Søramerikansk pelssel A. australis
Vitskapleg namn
Arctocephalus australis

Søramerikansk pelssel (Arctocephalus australis) er ein art av øyreselar som lever langs kystane av Peru, Chile, Falklandsøyane, Argentina, Uruguay og sørlege Brasil.[1]

Vaksen hoe

Søramerikanske pelsselar har ein mørkegrå eller brun pels. Dei syner sterk kjønnsdimorfisme i storleik og hannar har tjukkare halsar og større skuldrer enn hoer. Hannane utviklar òg manar av lengre dekkhår på halsen og skuldrene.[2] Hannar kan bli opptil 2 meter lange og vege 90–200 kg, medan hoene i gjennomsnitt er 1,5 meter lange og veg 60 kg.

Storleiken på selane varierer mellom ulike område, men i gjennomsnitt blir vaksne hannar opptil 2 m lange og veg 90–200 kg, medan hoene blir opptil 1,5 m lange og veg 60 kg i gjennomsnitt.[3] Nyfødde er mellom 50 og 65 cm og veg 3–7,5 kg, og hannar er allereie større enn hoer ved fødselen.

Leveområde og habitat

[endre | endre wikiteksten]

Søramerikanske pelsselar finst på neotropiske havkystar frå Paracas-halvøya i Sør-Peru sørover til Kapp HornStillehavskysten og nordover til Sør-Brasil på Atlanterhavskysten og Falklandsøyane.[4] Søramerikansk pelssel føretrekk steinete kystar og øyar, særleg med bratte skråningar. I Peru har dei òg blitt funne i grotter, der nokre klatrar opptil 15 m for å finne ein kvileplass.[treng kjelde] Dei søkjer generelt tilgang til skugge og tidvassbasseng.

Det finst registreringar av streifdyr mot nord slik som ved Ecuador-kysten, Galápagosøyane og Gorgona-øya i Colombia.[treng kjelde]

Pelssel under dukk i akvarium
Søramerikansk pelssel i dyrehage
Koloni på ein holme i Beaglekanalen

Daglege rørsler innanfor koloniane hjelper selane med å regulere kroppstemperaturen, men kan òg føre til aggressive samanstøyt mellom hoene som vernar ungane sine. Hannane er vanlegvis polygynisk og held territorium med 3–20 hoer i paringstida. Ein intens konkurranse mellom hannane resulterer ofte i skadar. I Uruguay er det observert eit leik paringssystem, der hoene har overlappande heimeområde, og hannane har avgrensa monopol på dei.[5]

Reproduksjonssyklusen er på 11 månader, inkludert ein 3–4 månaders embryonisk diapause, forlenga drektigheit. Paring skjer frå oktober til januar. Etter fødselen vekslar hoene mellom å dra på næringssøk og å amme ungane sine, der lengda på næringssøk aukar utover sesongen. Ein slik tur kan ta fleire dagar. Overlevinga til ungane blir påverka av lengda på desse turane, som kan variere avhengig av lokasjon, marin produktivitet og miljøfaktorar som El Niño sørleg oscillasjon. El Niño-hendingar påverkar særleg dei peruanske pelsselane, under slike tilhøve må hoene forlengje turane for matauke, som igjen fører til auka dødelegheit blant ungane på grunn av svolt.[5]

Dødelegheita blant ungane er høgast i fødselsperioden og kjem av primært svolt, drukning og sjukdommar. Predasjon frå søramerikanske sjøløver og morsaggresjon bidreg også til dødelegheit, spesielt under El Niño-hendingane.[5]

Søramerikanske pelssel leitar etter mat der havdjupna er mellom 50–600 meter. Ei undersøking i 1983 indikerte at hodyr dukka ned til i gjennomsnitt 29 meter og maksimalt ned til 170 meters djupne. I til dømes Uruguay, vil ammande hoer symje 41–185 km frå yngleområda sine for å finne føde.[5] Ei anna undersøking av bruken av habitat blant unge hanndyr ved Falklandsøyane i 2015 registrerte fleire dukk djupare enn 300 meter.[6]

Søkjeåtferda blir påverka av tilgjengelegheita av byttedyr, der pelagiske og botnlevande fisk og blekksprutar utgjer hovudkomponentane i dietten. Område for næringssøk, som dei nær Falklandsøyane, overlappar ofte med regionar med høg byttedyrtettleik, inkludert hummarkril, som er eit nøkkelbyte i dette området[5]

Nominatforma av denne arten lever langs kysten av det sørlege Brasil, Uruguay, Argentina, Falklandsøyane og det sørlege Chile. Ein «peruansk underart», A. a. gracilis finst langs kysten av Peru og det nordlege Chile, og utvidar utbreiinga si sørover. Den totale bestanden av søramerikanske pelssel, begge underartar, er omtrent 238 000 individ, av dei rundt 109 500 modne individ (2016). Populasjonen av A. a. gracilis er estimert til 21 000, med ukjent utviklingstrend, men den øvrige bestanden er trudd å vere svakt aukande. Derfor har Verdas naturvernunion, IUCN, kategorisert arten som livskraftig, LC, per 2016.[7]

Den newzealandske pelsselen blir stundom rekna som ein underart av A. australis.[8]

  1. IUCN, 2016, Geographic Range Information
  2. Marine Mammals > Species: Arctocephalus australis
  3. South American Fur Seal, Arctocephalus australis at MarineBio.org
  4. «Arctocephalus australis - South American fur seal». Animal Diversity Web. Arkivert frå originalen 20. februar 2024. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 IUCN, 2016, Habitat and Ecology Information
  6. Baylis AMM, et al. (2018). Habitat use of adult male South American fur seals and a preliminary assessment of spatial overlap with trawl fisheries in the South Atlantic. Mammalian Biology, 93:76–81. doi:10.1016/j.mambio.2018.09.002
  7. IUCN, 2016, Population Information
  8. Berta, A., & Churchill, M. (2012). Pinniped Taxonomy: evidence for species and subspecies. Mammal Review, 42(3), 207–234. doi:10.1111/j.1365-2907.2011.00193.x

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Søramerikansk pelssel
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy