Hopp til innhald

SUV

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Volkswagen Touareg.

Ein SUV (kort for sport utility vehicle ('sports- og nyttekøyretøy')[1] er ei høgbygd stasjonsvogn med firehjulsdrift. I motsetning til konvensjonelle terrengbilar har denne typen sjølvberande karosseri og uavhengig hjuloppheng.

På grunn av firehjulsdrifta og stor frigangshøgd tek bilane seg godt fram i terrenget og har vorte populær hjå friluftsfolk.

SUV-ar har ofte kraftige bensin- eller dieselmotorar, stor masse og høgt drivstoffforbruk, noko som har ført til at dei har vorte kritiserte for å vera lite miljøvenlege.[2] Dei høgbygde karosseria resulterer i eit høgare massepunkt enn vanlege personbilar, noko som kan gå ut over køyreeigenskapane.[3] Den store massen fører òg til at dei gjer stor skade på andre køyretøy når dei er involverte i kollisjonar.[3]

Bilmodellar i 2018

[endre | endre wikiteksten]

Bilmodellar er mellom anna SEAT Ateca,[4] Skoda Karoq[4] og Volkswagen Tiguan[4]

  1. «SUV». Store norske leksikon. 20. september 2012. Henta 2. august 2018. 
  2. Teimansen, E., Store SUVer er ute[daud lenkje], Dagbladet.no, 1/3-2007.
  3. 3,0 3,1 Billing, M. og Sunde, S.S., SUV – farligere enn du tror' Arkivert 2012-10-24 ved Wayback Machine., Tryggtrafikk.no, 15/8-2008.
  4. 4,0 4,1 4,2 Rune Nesheim (29. juli 2018). «Sportslig alternativ til Skoda Karoq». Dinside.no. Henta 31. juli 2018. 
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy