Hopp til innhald

Samfunnskontrakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Samfunnskontrakten er eit omgrep brukt innan politisk filosofi. Omgrepet blir brukt om ein tenkt kontrakt inngått av menneske i ein opphavleg statslaus og fri tilstand (naturtilstanden), der menneska i varierande grad (avhengig av kva for ein filosof det er som drøftar teorien) avgir fridom til ei felles statsmakt. Med naturtilstanden som utgangspunkt freistar dei ulike filosofane å forklare kvifor det er i eit individ si rasjonelle eigeninteresse å oppgje fridom for å oppnå dei fordelane som ei statsmakt vil gje. Det vil også vere ein del av teorien kva plikter statsmakta, til dømes kongen, har overfor menneska. Og kva menneska kan gjere viss statsmakta ikkje oppfyller sine plikter.

Thomas Hobbes, John Locke og Jean-Jacques Rousseau er gjerne dei mest kjende filosofane som har skrive om dette. I tillegg kjem moderne filosofar som John Rawls.

pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy