Simon Spies
Simon Spies | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 1. september 1921 Helsingør |
Død | |
Yrke | forretningsdrivande |
Politisk parti | Danmarks Nationalsocialistiske Arbejderparti |
Ektefelle | Janni Kjær |
Simon Ove Christian Oglivie Spies (1. september 1921–16. april 1984) var ein dansk forretningsmann. Han stifta reisebyrået Spies Rejser[1] og flyutleigeverksemda Conair,[2] og er ofte vorte kalla «Danmarks reisekonge».[3]
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Familiebakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Spies vart fødd inn i ein fattig familie i Helsingør. Far hans, kunstmålaren Willam Spies,[4] var psykisk ustabil og var fleire gonger innlagt i ein psykiatrisk klinikk. Mor hans heitte Emma Spies.[5]
Utdanning og karriere
[endre | endre wikiteksten]Simon Spies var strålande gåverik, og oppnådde å verta både cand.psych. og cand.polit ved Københavns Universitet.[6]
Han melde seg i 1942 inn i Danmarks Nationalsocialistiske Arbejderparti, i det føremålet å kunna reisa til Austerrike som den gongen var del av Det stortyske riket og ta seg arbeid der. Han var aldri politisk aktiv i partiet.[7]
I 1956 starta han firmaet Spies Rejser som med tida voks og enda med å verta ein av dei største turoperatøran i Skandinavia[8] med charterreiser og pakketurar. I 1965 kjøpte Spies opp det konkursramma danske charterselskapet Flying Enterprise som var vorte starta i 1959. Dette vart byrjinga på hans eige charterselskap Conair.
Spies er i dag Danmarks største charterturoperatør og ein del av konsernet Thomas Cook Group, no TUI.[9]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Spies Rejser | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), 25. august 2022, henta 13. januar 2024
- ↑ Spies har haft et omtumlet liv: Se historien her
- ↑ Nielsen, C. (2012) Simon Spies fik aldrig sin store kærlighed. Billed Bladet, 24. september 2012. Hentet 14. september 2022.
- ↑ Utstilling av pasientenes kunst
- ↑ Bilde av Emma Spies, 1981
- ↑ 32 år siden han døde: Se billederne fra Simon Spies' fantastiske liv | BILLED-BLADET
- ↑ "Jeg blev nazist for at få arbejde", Ekstra Bladet 10. september 1980
- ↑ «Simon Spies». Store norske leksikon (på norsk). 24. januar 2023.
- ↑ Ole Kirchert Christensen (23. januar 2017). «Spies og TUI mister markedsandele». CHECK-IN.dk.
- Denne artikkelen bygger på «Simon Spies» frå Wikipedia på bokmål, den 23. september 2018.