Hopp til innhald

Skattesvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skattesvik eller skattesnyt er eit brotsverk som går ut på å halda inntekter og formue som ein er meint å betala skatt for unna styresmaktene slik at ein unngår skattlegging.

Skattesvik er straffbart i dei fleste landa i verda. Det kan likevel ofte føregå ved hjelp av mange lovlege middel, som oppbevaring av formuar i såkalla skatteparadis.[1] Skattesvik skil seg frå skatteplanlegging, som går ut på å redusera skatten ein må betala mest mogleg utan å bryta lovverket.

Skattesvik i norsk rett

[endre | endre wikiteksten]

Etter Ligningsloven § 12-1 er skattesvik definert som å forsettleg eller grovt uaktsomt gje feil eller ufullstendige opplysingar til likningsstyresmkatene når ein forstår eller burde forstå at dette vil gje skatte- eller avgiftsmessige fordelar, eller å laga dokument som kan gje slike fordelar. Straffa for skattesvik eller medverknad til dette er bot eller fengsel i opptil 2 år. Medvirkning straffes på samme måte.[2]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy