Slaget ved Messines
Slaget ved Messines | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av Den fyrste verdskrigen | |||||||
Kart over slaget, som viser fronten den 7. juni og følgjande krigføring fram til 14. juni. | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Det britiske imperiet | Det tyske keisardømet | ||||||
Styrkar | |||||||
9 divisjonar (pluss tre i reserve) | 5 divisjonar (pluss fire i reserve) | ||||||
Tap | |||||||
17 000 | 25 000 |
Slaget ved Messines var eit slag ved Vestfronten i 1917 mellom Storbritannia og Tyskland under den den fyrste verdskrigen. Dei britiske styrkane, som var leia av general Herbert Plumer, gjekk til eit vellykka åtak på det tyske bruhovudet ved Messines-høgdedraget etter bruk av tunnelar. Frå januar 1917 grov dei over 8 km tunnelar under dei tyske linjene. Tyske ingeniørsoldatar grov seg mot desse og klarte å øydeleggje ein av dei britiske tunnelane, men lell var 19 andre klare og fylt med eksplosivar om morgonen den 7. juni. Tunnelane sin samkøyrte eksplosjon kl. 03.10 kunne ein tydeleg høyre i London. Om lag 10 000 tyske soldatar døydde og alliert infanteri kunne rykkje fram og ta over alle viktige mål innan ettermiddagen.
Tyskarane iverksette ei rekkje motåtak dei neste dagane, men vart drivne attende med høge tapstal. Innan 14. juni var heile Messines-bruhovudet hærteke av dei allierte.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Grant, R.G.: Slag: kriger og store slag gjennom 5000 år. Pegasus forlag a.s, 2007 ISBN 978-82-442-0024-0