Sommar-OL 1904
Sommar-OL 1904 | ||||
Vertsby | St. Louis i USA | |||
Nasjonar | 12 | |||
Øvingar | 91 | |||
Idrettsgreiner | 17 | |||
Opna | 11. juli 1904, av David Francis | |||
Avslutta | 23. november 1904 | |||
Utøvarar | ||||
---|---|---|---|---|
Menn | 645 | |||
Kvinner | 6 | |||
Totalt | 651 | |||
Dei olympiske sommarleikane | ||||
|
Sommar-OL 1904 vart halde i USA, og vertslandet vart òg beste nasjon. Noreg fekk to gullmedaljar.
Leikane var opphavleg tildelt Chicago, men ettersom Saint Louis skulle hysa verdsutstillinga det året insisterte dei på å arrangera leikane i tillegg, med trugsmål om å halda eigne, konkurrerande idrettsarangement dersom så ikkje skjedde.
Som Paris-leikane i 1900, som òg vart haldne parallelt med ei verdsutstilling, kom dei olympiske leikane i skuggen av dei betre vitja kulturelle arrangementa. Arrangementa strekte seg over to månader, med heile 96 «olympiske» tevlingar. Berre 42 av dei hadde deltakarar som ikkje var frå USA.
Desse leikane var dei første der ein i tillegg til gullmedalje òg delte ut sølv- og bronsemedaljar til dei som tok andre- og tredjeplass.
Medaljestatistikk
[endre | endre wikiteksten]Dei beste nasjonane | |||||
---|---|---|---|---|---|
Plass | Land | Gull | Sølv | Bronse | Totalt |
1 | USA | 78 | 83 | 77 | 238 |
2 | Tyskland | 4 | 4 | 5 | 13 |
3 | Cuba | 4 | 2 | 3 | 9 |
4 | Canada | 4 | 1 | 0 | 5 |
5 | Ungarn | 2 | 1 | 1 | 4 |
6 | Blanda lag | 1 | 1 | 0 | 2 |
7 | Storbritannia | 1 | 1 | 0 | 2 |
8 | Hellas | 1 | 0 | 1 | 2 |
9 | Sveits | 1 | 0 | 1 | 2 |
10 | Austerrike | 0 | 0 | 1 | 1 |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «St. Louis 1904 Summer Olympics» (på engelsk). olympic.org. Henta 21. januar 2017.