Hopp til innhald

Stiftsstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein stiftsstad er ein by som er sete for ein biskop. Staden har ei domkyrkje med domkapittel og domkyrkjeforsamling og utgjer dermed hovudsete for eit kyrkjeleg stift. Jamfør omgrepa residensstad og hovudstad. Omgrepet vart innført etter reformasjonen.

Folkekyrkjene i dei nordiske landa

[endre | endre wikiteksten]

Den danske folkekyrkja har stiftsstader i København, Helsingør, Roskilde, Odense, Maribo, Ribe, Haderslev, Viborg, Ålborg, Århus og i Nuuk (Godthåb) på Grønland.

Den evangelisk-lutherske kyrkja i Finland har stiftsstadene Åbo, Tammerfors, Uleåborg, S:t Michel, Borgå, Kuopio, Lapua, Helsingfors og Esbo.

Den finske ortodokse kyrkja har stiftsstadene Joensuu, Helsingfors og Uleåborg

Den islandske kyrkja utgjer eit einaste stift med Reykjavik som stiftsstad.

Den norske kyrkja hadde stiftsstader fram til 1. januar 1919 då omgrepet bispedømme erstatta stift. Fram til 1919 var Trondheim, Bergen, Oslo, Hamar, Kristiansand, Stavanger (fram til 1682 då Kristiansand overtok) og Tromsø (formelt frå 1844). I ein kort periode var Alstahaug (1804−1828) sete for biskopen, men var formelt sett ikkje eige stift og dermed heller ikkje stiftstad.[1]

I dag er desse stadene bispesete med domkyrkje: Trondheim, Bergen, Oslo, Bodø, Fredrikstad, Hamar, Kristiansand, Molde, Stavanger, Tromsø og Tønsberg.

Den svenske kyrkja har som stiftsstader Uppsala, Linköping, Skara, Strängnäs, Västerås, Växjö, Lund, Göteborg, Karlstad, Härnösand, Luleå, Visby og Stockholm.

pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy