Hopp til innhald

Stillehavsøsters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stillehavsøsters
Stillehavsøsters
Stillehavsøsters
Status
Status i Noreg: Framandart med svært høg risiko
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Blautdyr Mollusca
Klasse: Muslingar Bivalvia
Orden: Ostreida
Familie: Ostreidae
Underfamilie: Crassostreinae
Slekt: Magallana
Art: Stillehavsøsters C. gigas
Vitskapleg namn
Crassostrea gigas

Stillehavsøsters (Crassostrea gigas)[1] er ein østersart som finst naturleg i Stillehavet, men òg finst spreidd til Atlanterhavet, utanfor kysten av Vest-Europa, omkring Storbritannia og nordover til Noreg.[2] Medan den europeiske flatøsteresen er freda, vert ein oppfordra til å ete stillehavsøstersen.[3]

Stillehavsøsters blir også kalla japansk østers, gigasøsters og djuphavsøsters. Den opphavlege levestaden deira er den nordlege delen av Stillehavet frå Japan til Beringstredet.[4] Arten er blitt flytta til andre havområde for å bli dyrka der, og har mange stader etablert seg utanfor anlegga.[4][4] Produksjonen av stillehavsøsters i verden har auka kraftig, og dreier seg om fleire millionar tonn.[4]

I den sørlege delen av Nordsjøen og i det danske Vadehavet har det oppstått skjellbankar av stillehavsøsters som endrar det naturlige økosystemet.[4] Arten blei funnen for første gong i Noreg i 1980 utanfor Kragerø.[4] Frå 2007 er arten blitt observert fleire steder i Oslofjorden og langs kysten av Sørlandet og nordover til Hordaland.[4] Iføljge Artsdatabanken er stillehavsøsters ein invaderande art som er svartelista i Noreg, det vil seia uønska i norske farvatn.[4]

Stillehavsøsters kan bli frå 8 til opptil 40 cm.[4] Han skil seg frå vanleg østers (Ostrea edulis) ved forma og strukturen på skalet.[4] Østersen lever fastvaksen til underlaget, vanlegvis på stein eller muslingskal, frå like under fjøremålet til eit par meters djupne.[4]

I 2018 var det sett i gang eit pilotprosjekt rundt Oslofjorden der friviljuge skulle plukka med seg så mange stillehavsøsters dei kunne.[5]

Helseåtvaringar

[endre | endre wikiteksten]

Østers kan gje sjukdomssmitte. Årsaka er at norovirus, som fører til omgangssjuke, kan renna ut i sjøen via kloakken og blir akkumulert i østersen. Folk som vil sanka stillehavsøsters og eta dei kan bruka blåskjelvarsel råd om skjel som finst på matportalen.[6]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Stillehavsøsters». Artsdatabanken. Henta 24. juli 2018. 
  2. «Stillehavsøstersen sprer seg kraftig i Oslofjorden», forskning.no (på norsk), 26. mai 2017, henta 31. mai 2019 
  3. «Spis østers – men ta for all den den riktige», agderposten (på norsk), henta 31. mai 2019 [daud lenkje]
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 «Stillehavsøsters» i Store norske leksikon (fri gjenbruk av tekst)]
  5. Radio, Sveriges, «Kampen mot ostronen – fem ton plockade för hand - Nyheter (Ekot)», sverigesradio.se (på svensk), henta 31. mai 2019 
  6. Gulbr, Lars O.; sen (22. juli 2018), «Stillehavsøsters invaderer norskekysten: - Prøver å gi dem herpes», Dagbladet.no (på norsk), henta 31. mai 2019 
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy