Hopp til innhald

Strekkprøving

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Strekkprøving er ein materialprøvemetode som føregår ved at ein strekkjer ein stav med bestemd lengd, tverrsnitt og form generelt og måler kraft og forlenging under forsøket. Vanlegvis blir følgjande storleikar avgjort:

  • Flytegrensa eller strekkgrensa, som er spenninga når staven oppnår ei definert plastisk forlenging (lik t.d. 0,2 % varig forlenging for metalliske material).
  • Brotgrensa eller strekkfastleiken, som er den maksimale nominelle spenninga som kan målast ved strekkprøving av eit material før det oppstår eit brot. Strekkfastleiken vert målt ved å dividere maksimal kraft under prøvinga med tverrsnittsarealet av strekkstaven før forsøket byrjar.
  • Brotforlenginga, som er den relative prosentvise forlenginga av staven ved brot (målt i tilhøve til ei definert lengd på staven før strekking, t.d. fem gonger stavdiameteren for ein rund strekkstav).

strekkprøving. (27.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/strekkpr%C3%B8ving

pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy