Hopp til innhald

Toril Førland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toril Førland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. april 1954 (70 år)
Oslo
Idrett alpint
Tok del i Vinter-OL 1972
Utmerkingar Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris

Toril Marit Førland (fødd 24. april 1954) er ein norsk tidlegare alpinist frå Bærum. Ho fekk bronsemedaljen i kombinasjonen i verdsmeisterskapen i alpint 1972, og vann fem NM-gull i perioden frå 1971 til 1974. Førland var medlem av Bærums Skiklub.

Førland tok sine fyrste verdenscuppoeng i mars 1970, knapt 16 år gammal. To år seinare vann ho gull i storslalåm og sølv i slalåm under junior-VM i Madonna di Campiglio. Ho deltok så i Vinter-OL 1972 i Sapporo. Der tok ho bronsen i kombinasjonsøvinga, som den gongen var ei VM-tevling beståande av resultata frå dei olympiske tevlingane i høvesvis slalåm og utfor.

I dei to fylgjande sesongane plasserte Førland seg seks gongar mellom de ti fremste i verdscuprenn. Hennar beste resultat var ein fjerdeplass i slalåm i Chamonix i januar 1973. Under VM i alpine greiner 1974 vart ho nummer åtte i både slalåm og utfor, noko som gav ein femteplass i kombinasjonen.

Førland vart norsk meister i slalåm tre år på rad, 1971–1973. I 1973 vart ho norsk meister også i storslalåm, medan ho i 1974 sikra seg gullmedaljen i utfor under noregsmeisterskapen i alpine greiner på Oppdal. Mellom 1971 og 1975 tok Førland 11 NM-medaljar i alpint (5-2-4). Ho la opp i 1975.

Førland vart i 1972 tildelt Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris.

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy