Tudehpartiet
Utsjånad
Tudehpartiet | |||
Land | Iran | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 29. september 1941 | ||
Hovudkvarter | Berlin | ||
Ideologi | kommunisme, marxisme-leninisme, stalinisme, venstrenasjonalisme |
Tudehpartiet (farsi حزب توده ایران (Hezb-e Tudeh Iran), 'Det iranske folkepartiet') er eit iransk politisk parti. Det vart skipa i 1941, med Soleiman Mohsen Eskandari som leiar.
Det hadde mykje innverknad i dei første åra etter det vart skipa, og i kampen for å nasjonalisere Anglo-Iranian Oil Company.
Innverknaden vart mindre etter det USA-støtta statskuppet i 1953 mot den venstreorienterte statsministeren Mohammad Mossadegh. Partiet finst framleis, men i åra etter den islamistiske revolusjonen i Iran vart det svekt av sterk forfølging. Den islamistiske regjeringa slo hardt ned på partiet i 1982, og avretta mange av medlemene i 1988, da eit stort tal med politiske fangar vart drepne i Iran.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Tudeh Party of Iran Arkivert 2007-06-09 ved Wayback Machine.
- Partisongen (video på YouTube)
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tudeh Party of Iran» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juni 2009.