Vladimir Voronin
- For den russiske og sovjetiske kapteinen, sjå Vladimir Ivanovitsj Voronin.
Vladimir Voronin | |||
| |||
Fødd | 25. mai 1941 (83 år) Corjova | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Sovjetunionen, Moldova, Russland | ||
Parti | Sovjetunionens kommunistiske parti | ||
Yrke | samfunnsøkonom, politikar | ||
Utdanna ved | Academy of Social Sciences of the Central Committee of CPSU Det russiske akademi for statstjeneste K.G. Razumovsky Moscow State University of Technology and Management Academy of Management of the Ministry of Internal Affairs of Russia | ||
Barn | Oleg Voronin | ||
Verv | President i Moldova 2001-2009 | ||
Føregangar | Petru Lucinschi | ||
Etterfylgjar | Mihai Ghimpu (fungerande) | ||
Alle verv |
|
Vladimir Nicolae Voronin (fødd 25. mai 1941) er ein moldovsk politikar og var president i Moldova frå 7. april 2001 til 11. september 2009. Han var fødd i landsbyen Corjova i Transnistria-regionen.
Voronin leiar Partidul Comuniştilor din Republica Moldova (Republikken Moldovas kommunistparti). Han vart vald til president av parlamentet 7. april 2001. I mars 2005, etter at kommunistpartiet hadde fått 46,0 % av røystene i parlamentsvalet, vart han gjenvald som president av parlamentet. Parlamentsvalet i 2009 førte til ein usikker politisk situasjon i landet, då verken kommunistpartiet eller opposisjonen fekk nok stemmer til å få vald kandidaten sin som president. Dette førte mellom anna til demonstrasjonar og opptøyar i hovudstaden. Voronin gjekk av 11. september 2009 i påvente av nye val.