Vondskap
Vondskap er eit abstrakt omgrep som kan visa til noko pinefullt og plagsamt eller det å ønska å gjera andre vondt.[1] Det kan også definerast som den ytterste rekkjevidden av å gjera gale[2] eller å mangla moral.[3] Det finst mange definisjonar av vondskap, såvel som analysar av motiva for det.[4] Element som ofte blir sett i samanheng med vondskap er likevel ubalansert oppførsel som omfattar formålstenlegheit, egoisme, ukunne og neglisjering.[5]
I visse kulturar, særleg dei påverka av abrahamittiske religionar, blir vondskap gjerne sett på som ein dualistisk antagonistisk motsetnad til godskap, der det gode skal sigra over det vonde.[6] Vonde hendingar er gjerne følgjer av synd eller å vanvyrde Gud.[7] Det vonde kan personleggjerast med ein skikkelse som Djevelen, Satan, Iblis og så bortetter.[2]
I dharma-religionar er det gjerne slik at ein kan fri seg frå både det gode og det vonde gjennom å oppnå eining med verdsaltet. I kulturar påverka av buddhismen er både det gode og det vonde sett på som motsetningar som ein må fri seg frå gjennom å oppnå sunyata, tomheit frå dei.[6] I hinduismen er ikkje vondskap rekna som eit eige metafysisk prinsipp, men som noko som finst i lag med livet i verda, både i høve til menneske og tidsepokar (yuga). Liding og kosmisk uorden (adharma, mangelen på dharma) går ofte att i kampen mellom gudar (devaer) og demonar (asurarer).[8]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «vondskap» i Nynorskordboka.
- ↑ 2,0 2,1 Bowker, John (2000), «Evil», The Concise Oxford Dictionary of World Religions (Oxford University Press,)
- ↑ «Evil». Oxford University Press. 2012. Arkivert frå originalen 22. august 2012. Henta 14. april 2016.
- ↑ Ervin Staub. Overcoming evil: genocide, violent conflict, and terrorism. New York, NY, USA: Oxford University Press, Pp. 32.
- ↑ Caitlin Matthews, John Matthews. Walkers Between the Worlds: The Western Mysteries from Shaman to Magus. Inner Traditions / Bear & Co, Jan 14, 2004. P. 173.
- ↑ 6,0 6,1 Paul O. Ingram, Frederick John Streng. Buddhist-Christian Dialogue: Mutual Renewal and Transformation. University of Hawaii Press, 1986. P. 148-149.
- ↑ Browning, W.R.F. (2009), «evil», A Dictionary of the Bible (Oxford University Press)
- ↑ Johnson, W. J. (2009), «evil», A Dictionary of Hinduism (Oxford University Press,)
- Delar av denne artikkelen bygger på «Evil» frå Wikipedia på engelsk, den 14. april 2016.