Hopp til innhald

Wikipedia:Opphavsrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Wikipedia:Vilkår)

Målet med Nynorsk Wikipedia er å skape ei informasjonskjelde i form av eit oppslagsverk som er tilgjengeleg for gratis bruk. Bruksløyva som blir nytta her skal forståast på den måten at innhald i Nynorsk Wikipedia kan kopierast, modifiserast og vidaredistribuerast så lenge brukarane av innhaldet gjev gjenbrukarane sine dei same rettar, og så lenge Nynorsk Wikipedia blir kreditert som kjelde med namnet Nynorsk Wikipedia, artikkelnamnet i klårtekst, URL til sida og dato. Sjå under for korleis kreditering av forfattarar blir gjort spesifikt.

Opphavsrett og bruksløyve

[endre wikiteksten]

Innhaldet i Wikipedia er generelt verna av opphavsrett. Nokre unntak finst for eit utval mediefiler frå Wikimedia Commons som er eksplisitt merka «public domain», «opphavsrett gått ut på tid», «i det fri» eller liknande. Ved gjenbruk og vidaredistribusjon av innhald frå Nynorsk Wikipedia nyttar du eit bruksløyve med rettar og pliktar etter Creative Commons Namngjeving-Del på same vilkår 3.0 Unported eller GNU Free Documentation License.

Nynorsk Wikipedia som kjelde

[endre wikiteksten]

Brukarar som nyttar Nynorsk Wikipedia som kjelde for informasjon i nyheitsartiklar, bøker eller i andre framstillingar, er bedne om å gje opp kjelda etter god skikk, til dømes med:

Kjelde: Nynorsk Wikipedia, artikkelen «artikkelnamnet», lesen den dd. mmm åååå (sett inn ei hyperlenkje, viss mogleg, eller URL til artikkelen)

Gjenbruk av innhald

[endre wikiteksten]

Sett deg nøye inn i «Vilkår for bruk av Nynorsk Wikipedia» under. Innhaldet i Nynorsk Wikipedia er skapt kollektivt av mange frivillige. Ved gjenbruk av innhaldet er gjenbrukarane bedne om å gje «kollektiv kreditering» som er minst like synleg (prominent) som god skikk tilseier ved bruk av kva som helst av kjelder eller referansar, og det kan til dømes gjerast slik:

Gjenbruk av innhald frå Nynorsk Wikipedia, artikkelen «artikkelnamnet», lesen den dd. mmm åååå (sett inn ei hyperlenkje, viss mogleg, eller URL til artikkelen)

Dette gjeld òg når innhaldet blir brukt i omsett form på ein Wikipedia på eit anna språk eller i ei anna målform. Gjenbruk eller sitat av innhald frå Nynorsk Wikipedia, med eller utan omsetjing, utan å gje opp kjelda i klårtekst, kan representere ei framstilling av andre sine tankar, idear eller resultat, som om dei var eigne. Slik gjenbruk blir sett på som plagiering og reknast som intellektuelt tjuveri etter åndsverksloven.

Når du bidreg på Nynorsk Wikipedia

[endre wikiteksten]

Viss det er du sjølv som har produsert innhald, beheld du opphavsretten til det. Du kan seinare gje det ut att eller omlisensiera det i kva form som helst. Men du kan aldri kalla tilbake bruksløyvet for den versjonen av stoffet som du har plassert her. Innhaldet i den forma du har lagt det inn her vil alle andre òg ha rett til å bruka.

Når du innarbeider CC-BY-SA-materiale frå eksterne kjelder

[endre wikiteksten]

Du kan innarbeide andre sitt stoff viss dei som har opphavsrett eksplisitt har gjeve bruksløyve under CC-BY-SA eller stoffet har kompatibelt bruksløyve. Sjå nedanfor under Import av tekst for detaljar. På Nynorsk Wikipedia skal all gjenbruk av andre sin tekst alltid krediterast ved å referere til kjelda under ein eigen tekstbolk Kjelder på samsvarande vis som skildra over i bolken Nynorsk Wikipedia som kjelde. Og, merk, dette gjeld òg ved gjenbruk av innhald frå andre Wikipedia-prosjekt til dømes ved omsetjing av stoff frå Wikipedia på engelsk eller bokmål.


NB: Stoff som andre har opphavsrett til, må ikkje leggjast inn i Wikipedia utan løyve!

Vilkår for bruk av Nynorsk Wikipedia

[endre wikiteksten]

Disse vilkåra er fastsett av Wikimedia-stiftinga, og kan ikkje endrast. Den norske omsetjinga (til høgre) må reknast som uoffisiell. Det er den engelske teksten (til venstre) som er autoritativ, og ved eventuelle fråvik er det den engelske versjonen som gjeld.

Informasjon for dei som bidreg med tekst til Wikimedia-prosjekt

[endre wikiteksten]
Offisiell engelsk tekst Uoffisiell omsetjing til norsk
To grow the commons of free knowledge and free culture, all users contributing to Wikimedia projects are required to grant broad permissions to the general public to re-distribute and re-use their contributions freely, as long as the use is attributed and the same freedom to re-use and re-distribute applies to any derivative works. Therefore, for any text you hold the copyright to, by submitting it, you agree to license it under the Creative Commons Attribution/Share-Alike License 3.0 (Unported). For compatibility reasons, you are also required to license it under the GNU Free Documentation License (unversioned, with no invariant sections, front-cover texts, or back-cover texts). Re-users can choose the license(s) they wish to comply with. Please note that these licenses do allow commercial uses of your contributions, as long as such uses are compliant with the terms. For å auke allmenningen av fri kunnskap og kultur er alle brukarane som bidreg til Wikimedia-prosjekt pålagte å gje allmenta vide rettar til fri distribusjon og gjenbruk av bidraga deira, så lenge kjelda blir gjeven og den same fridomen til gjenbruk og vidare distribusjon blir å gjelde for kvart avleidd verk. For kvar og ein tekst som du har opphavsretten til og legg inn, godtar du derfor å lisensiere han under Creative Commons Namngjeving-Del på same vilkår 3.0 Unported. Av kompatibilitetsomsyn må du òg godta å lisensiere han under GNU Free Documentation License (uspesifisert versjon, utan uforanderlige seksjonar, framsidetekstar eller baksidetekstar). Gjenbrukarar kan velje lisensen(e) dei ønskjer å nytte. Ver klår over at desse lisensane tillèt kommersiell bruk av bidraga dine, så lenge overnemnte vilkår blir følgt.
As an author, you agree to be attributed in any of the following fashions: a) through a hyperlink (where possible) or URL to the article or articles you contributed to, b) through a hyperlink (where possible) or URL to an alternative, stable online copy which is freely accessible, which conforms with the license, and which provides credit to the authors in a manner equivalent to the credit given on this website, or c) through a list of all authors. (Any list of authors may be filtered to exclude very small or irrelevant contributions.) Som tekstforfattar godtar du å bli kreditert på ein av følgjande måtar: a) gjennom ei hyperlenkje (viss mogleg) eller URL til artikkelen eller artiklane du bidrog til, b) gjennom ei hyperlenkje (viss mogleg) eller URL til ein alternativ, stabil direktekopla kopi som er fritt tilgjengeleg, som samsvarar med lisensen og som krediterer forfattarane på ein måte likeverdig med krediteringa gjeven på denne nettstaden, eller c) gjennom ei liste over alle forfattarane. (Ei slik liste kan eventuelt utelate svært små eller irrelevante bidrag.)
Importing text

If you want to import text that you have found elsewhere or that you have co-authored with others, you can only do so if it is available under terms that are compatible with the CC-BY-SA license. You do not need to ensure or guarantee that the imported text is available under the GNU Free Documentation License. Furthermore, please note that you cannot import information which is available only under the GFDL. In other words, you may only import text that is (a) single-licensed under terms compatible with the CC-BY-SA license or (b) dual-licensed with the GFDL and another license with terms compatible with the CC-BY-SA license.

Import av tekst

Viss du vil importere tekst som du har funne ein annan stad eller som du har skrive saman med andre, kan du berre gjere det viss han er tilgjengeleg under vilkåra som er kompatible med CC-BY-SA-lisensen. Du treng ikkje forsikre eller garantere at den importerte teksten er tilgjengeleg under GNU Free Documentation License (GFDL). Ver merksam på at du ikkje kan importere informasjon som berre er tilgjengeleg under GFDL. Du kan med andre ord berre importere tekst som er a) enkelt-lisensiert under vilkår kompatible med CC-BY-SA-lisensen eller b) dobbeltlisensiert med GFDL og ein annan lisens med vilkår kompatible med CC-BY-SA-lisensen.

If you import text under a compatible license which requires attribution, you must, in a reasonable fashion, credit the author(s). Where such credit is commonly given through page histories (such as Wikimedia-internal copying), it is sufficient to give attribution in the edit summary, which is recorded in the page history, when importing the text. Regardless of the license, the text you import may be rejected if the required attribution is deemed too intrusive. Viss du importerer tekst under ein kompatibel lisens som krev kreditering, må du på rimeleg vis kreditere forfattaren/forfattarane. Der slik kreditering vanlegvis blir gjeven gjennom historikken til sida (som ved intern kopiering innanfor Wikimedia), er det tilstrekkeleg å nemne tilhøvet i ei redigeringsforklaring som blir lagra med historikken til sida når teksten blir importert. Uavhengig av lisensen, så kan teksten du importerer bli avvist viss den naudsynte krediteringa blir vurdert å vere for påtrengjande.

Informasjon til dei som bidreg med ikkje-tekstleg multimedie-innhald

[endre wikiteksten]
Offisiell engelsk tekst Uoffisiell omsetjing til norsk
Non-text media on Wikimedia Foundation projects are available under a variety of different licenses that support the general goal of allowing unrestricted re-use and re-distribution. The requirements for such licenses are given in the Wikimedia Foundation Licensing Policy. Individual communities may elaborate upon and refine these requirements. Ikkje-tekstlege medium på Wikimedia Foundation sine prosjekt er tilgjengelege under ei rekkje ulike lisensar som stør det generelle målet om å tillate uavgrensa gjenbruk og vidaredistribusjon. Krava til slike lisensar er gjeve i Wikimedia Foundation sine retningslinjer for lisensiering. Dei einskilde prosjekta kan utdjupe og presisere desse krava.


Informasjon for gjenbrukarar

[endre wikiteksten]


Offisiell engelsk tekst Uoffisiell omsetjing til norsk
You can re-use content from Wikimedia projects freely, with the exception of content that is used under "fair use" exemptions, or similar exemptions of copyright law. Please follow the guidelines below:

Re-use of text:

  • Attribution: To re-distribute a text page in any form, provide credit to the authors either by including a) a hyperlink (where possible) or URL to the page or pages you are re-using, b) a hyperlink (where possible) or URL to an alternative, stable online copy which is freely accessible, which conforms with the license, and which provides credit to the authors in a manner equivalent to the credit given on this website, or c) a list of all authors. (Any list of authors may be filtered to exclude very small or irrelevant contributions.) This applies to text developed by the Wikimedia community. Text from external sources may attach additional attribution requirements to the work, which we will strive to indicate clearly to you. For example, a page may have a banner or other notation indicating that some or all of its content was originally published somewhere else. Where such notations are visible in the page itself, they should generally be preserved by re-users.
Du kan fritt gjenbruke stoff frå Wikimedia-prosjekt, med unntak av innhald som er nytta under lånereglar (engelsk: fair use) eller tilsvarande avgrensingar av opphavsretten. Ver venleg å følgje retningslinjene under:

Gjenbruk av tekst:

  • Kreditering: For å vidaredistribuere ei tekstside i noko som helst form, kreditar forfattarane anten ved å inkludere a) ei hyperlenkje (viss mogleg) eller ein URL til sida eller sidene du gjenbrukar, b) ei hyperlenkje (viss mogleg) eller URL til ein alternativ, stabil direktekopla kopi som er fritt tilgjengeleg, som samsvarar med lisensen og som krediterer forfattarane på ein måte som er likeverdig med krediteringa gjeve på denne nettstaden, eller c) ei liste over alle forfattarane. (Ei slik liste kan eventuelt utelate svært små eller irrelevante bidrag.) Dette gjeld for tekst skrive av Wikimedia-samfunnet. Tekst frå eksterne kjelder kan innebere ytterlegare krav til kreditering, noko vi vil freiste å gjere tydeleg for deg. Til dømes kan ei side ha eit banner eller andre meldingar som indikerer at heile eller delar av innhaldet opphavleg vart publisert ein annan stad. Om slike meldingar finst på sjølve sida, bør dei i hovudsak haldast uendra av gjenbrukarar.
  • Copyleft/Share Alike: If you make modifications or additions to the page you re-use, you must license them under the Creative Commons Attribution-Share-Alike License 3.0 or later.
  • Indicate changes: If you make modifications or additions, you must indicate in a reasonable fashion that the original work has been modified. If you are re-using the page in a wiki, for example, indicating this in the page history is sufficient.
  • Copyleft/Del på same vilkår: Viss du gjer endringar eller tilføyingar til sida du gjenbrukar, må du lisensiere desse under Creative Commons Namngjeving-Del på same vilkår-lisensen, versjon 3.0 (CC-BY-SA 3.0) eller nyare versjonar.
  • Spesifiser endringane: Viss du gjer endringar eller tilføyingar, må du angje på ein rimeleg måte at det opphavlege verket har blitt endra. Viss du til dømes gjenbrukar ei side i ein wiki, så held det at dette kjem fram i historikken til sida.
  • Licensing notice: Each copy or modified version that you distribute must include a licensing notice stating that the work is released under CC-BY-SA and either a) a hyperlink or URL to the text of the license or b) a copy of the license. For this purpose, a suitable URL is: http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/
  • Lisensnotis: Eksemplar eller modifiserte utgåver som du distribuerer, må innehalde ein lisensnotis som gjev klårt at verket er utgjeve under CC-BY-SA, og anten a) ei hyperlenkje eller URL til lisensteksten, eller b) eit eksemplar av lisensen. For formålet er denne URL passande: http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/deed.no
Additional availability of text under the GNU Free Documentation License:
  • For compatibility reasons, any page which does not incorporate text that is exclusively available under CC-BY-SA or a CC-BY-SA-compatible license is also available under the terms of the GNU Free Documentation License. In order to determine whether a page is available under the GFDL, review the page footer, page history, and discussion page for attribution of single-licensed content that is not GFDL-compatible. All text published before June 15th, 2009 was released under the GFDL, and you may also use the page history to retrieve content published before that date to ensure GFDL compatibility.
Tekst som òg er tilgjengeleg under GNU Free Documentation License:
  • Av kompatibilitetsomsyn er alle sider som ikkje inneheld tekst som utelukkande er tilgjengeleg under CC-BY-SA eller ein CC-BY-SA-kompatibel lisens, òg tilgjengeleg under vilkåra i GNU Free Documentation License (GFDL). For å finne ut om ei side er tilgjengeleg under GFDL, sjå på sida si botntekst, sidehistorikk og diskusjonsside om det finst kreditering av enkeltlisensiert innhald som ikkje er kompatibelt med GFDL. All tekst som var publisert før 15. juni 2009, vart utgjeve under GFDL, og du kan bruke historikken til sida for å hente innhaldsversjonar publisert før denne datoen og slik sikre samsvar med GFDL.
Re-use of non-text media:
  • Where not otherwise noted, non-text media files are available under various free culture licenses, consistent with the Wikimedia Foundation Licensing Policy. Please view the media description page for details about the license of any specific media file.
Gjenbruk av ikkje-tekstleg medieinnhald:
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy