Hopp til innhald

Yokneam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om byen nord i Israel. For den nærliggande landsbyen, sjå Yokneam Moshava.
Yokneam Illit
יָקְנְעָם עילית, يوكنعام عيليت
by
Yokneam Illit
Flagg
Våpenskjold
Land  Israel
Distrikt Nord
Høgd 166 moh.
Koordinatar 32°39′34″N 35°06′36″E / 32.65944°N 35.11000°E / 32.65944; 35.11000
Areal 7,39 km²
Folketal 22 000  (2012)
Folketettleik 2 977 / km²
Grunnlagd 1950
 •  Bystatus 18. desember 2006
Borgarmeister Simon Alfasi
Tidssone IST (UTC+2)
 •  Sommartid IDT (UTC+3)
Postnummer 20692
Kart
Yokneam
32°39′34″N 35°06′36″E / 32.659444444444°N 35.11°E / 32.659444444444; 35.11
Kart som viser Yokneam.
Kart som viser Yokneam.
Kart som viser Yokneam.
Wikimedia Commons: Yokneam
Nettstad: www.yoqneam.org.il

Yokneam Illit (hebraisk יָקְנְעָם עילית, òg Yoqne'am Illit og Jokneam Illit) er ein by i eit åslendt område av Nedre Galilea ved foten av Karmelberget med utsyn over Jezreeldalen, 21 km frå Haifa og 80 km frå Tel Aviv. Yokneam er eit senter for høgteknologi i Israel med over 100 høgteknologiselskap.

Yokneam Illit vart grunnlagd i 1950 og vart ein lokal kommune i 1967. Bystatus fekk han i 2007. Byen ligg ved to av dei store hovudvegane i landet – hovudveg 70 og hovudveg 6 – med rask tilkomst til det sentrale, nordlege og sørlege Israel. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå, hadde Yokneam Ill eit folketal på 19 524 innbyggjarar på slutten av 2011.[1]

Yokneam finst i lista av 119 byar som den egyptiske faraoen Thutmose III erobra etter sigeren i slaget ved Megiddo i 1468fvt. Yokneam er nemnt i Bibelen som ein levittisk by der Sebulon-stamma budde (Josva 12:1, 12:22, 19:10-11, 21:34). Han ligg nær Megiddo (Armageddon). Lrossfararane kalla Yokneam «Cain Mons» eller «Kainfjellet» for å halde på tradisjonen om at Kain, som av Adam (1. Mos 4: 23-24), vart drepen på denne staden. Yokneam var busett gjennom persisk hellenistisk, romersk/bysantinsk, arabisk, i krossfarartida, under mamelukkane og i osmansk tid.

Ved Yokneam låg ein palestinsk landsby kalla Qira, som vart avfolka i samband med den arabisk–israelske krigen i 1948.

Yokneam Maabara (1952)

Yokneam Moshava vart grunnlagd i 1935. I juli 1950 vart det sett opp ein teltleir (Maabara) for å ta i mot 250 nye immigrantfamiliar og han var ein del av Yokneam Moshava fram til 1967. I starten av 1952 vart 400 familiar til plasserte i teltleiren. Fram til slutten av 1951, flytta 285 av familiane frå teltleiren og inn i permanente hus på ein ås oppom Yokneam Moshava.[2]

I 1964 hadde Yokneam 4 300 innbyggjarar og i 1967 vart Yokneam delt inn i to lokale kommunar (Yokneam og Yokneam Illit).

Venskapsbyar

[endre | endre wikiteksten]

Yokneam Illit er venskapsby med:

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy