Agnes Brudvik
Engeset
tilsett
Stillingstittel:
Seniorforskar
Telefon:
Tilsett:
2008

Agnes har arbeidd som forskar ved Vestlandsforsking sidan 2008. Forskingsfelta er rural turisme, kulturbasert reiseliv, fritid og fritidsforbruk og berekraftig reiseliv. I 2021 avla Agnes ein doktorgrad innan rural turisme ved Institutt for geografi på NTNU. Avhandlinga tek for seg korleis gardsturisme og distriktshotell tilpassar seg endringar i reiselivet med særleg vekt på overlevingsevna i familieeigde verksemder. Seinare forskingsprosjekt handlar om ulike tema som kulturarv og reiseliv, sosial berekraft i norsk distriktsreiseliv og tolegrenseanalysar av reisemål.

Tidlegare har Agnes vore forelesar i naturbasert reiseliv og bærekraftig reiseliv ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ho har også vore forlagsredaktør i Skald forlag med ansvar for sal og presse, og vore redaktør for ulike bokprosjekt. Tidlegare har ho vore konstituert styrar ved Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand, samt ansvarleg for minneinnsamling til det same museet. Agnes har arbeidd mykje med formidling, både i reiselivsbransjen og undervisning.

Agnes har hovudfag i etnologi frå Universitetet i Oslo 2002. Hovudoppgåva handlar om reisene med dei første turistskipa til Noreg, slik dei vert skildra i tyske og engelske reiseskildringar frå 1800-talet. I analysen ser ho på dei ritualiserte handlingane som skipsturistane utførte i løpet av sjøreisa. Elles har Agnes tysk og historie i fagkretsen frå universiteta i Bergen, Oslo og Wien, Austerrike.

Orchid: https://orcid.org/0000-0002-7326-7887

 

Publikasjonar:
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy