Baltzar von Platen (1898-1984)
Utsjånad
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Baltzar von Platen.
Baltzar von Platen | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 24. februar 1898 Malmö S:t Petri församling |
Død |
29. april 1984 (86 år) |
Yrke | maskiningeniør, oppfinnar, ingeniør |
Far | Philip Ludvig von Platen |
Baltzar von Platen (1898-1984) på Commons |
Baltzar von Platen (24. februar 1898–29. april 1984) var ein svensk oppfinnar kjend for utviklinga av kjøleskap og kunstig framstilling av diamantar.[1]
Saman med Carl Munters fann von Platen i 1922 opp prinsippet for kjøleskap med gassabsorpsjon. Dei var då båe studentar ved Kungliga Tekniska Högskolan (KTH) i Stockholm. Teknikken gjorde det mogleg å få til kjøling ved hjelp av ei varmekjelde. Ei slik kjelde kunne til dømes vera gass eller elektrisitet. I 1923 vart produksjon av kjøleskap byrja av selskapet AB Arctic. I 1925 vart AB Arctic kjøpt opp av Electrolux,[2] som byrja å selja dei på over heile verda.
-
Prototypen for von Platen-Munters absorpsjonskjølar frå 1922.
-
Baltzar von Platen på kontoret sitt i 1960.
Verkliste
[endre | endre wikiteksten](ufullstendig)
- Baltzar von Platen og Carl Munters, Om alstring av kyla (1925)
- Baltzar von Platen, Andar och perpetuum mobile (1975)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Svenska von Platen-ätterna: Baltzar Carl von Platen». Arkivert frå originalen 23. oktober 2010.
- ↑ «Tekniska museet: Baltzar von Platen». Arkivert frå originalen 21. desember 2010.