Hopp til innhald

David Hemery

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Hemery


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 18. juli 1944 (80 år)
Cirencester
Idrett friidrett
Tok del i athletics at the 1968 Summer Olympics – men's 400 metres hurdles, athletics at the 1972 Summer Olympics – men's 400 metres hurdles, friidrett under Sommar-OL 1972 – stafett 800 meter menn, athletics at the 1972 Summer Olympics – men's 4 × 400 metres relay, athletics at the 1966 British Empire and Commonwealth Games – men's 120 yards hurdles, Friidrett under de britiske samveldeleker 1970, EM i friidrett 1969
Utmerkingar kommandør i den britiske imperieorden, BBC Sports Personality of the Year Award

David Hemery (fødd 18. juli 1944) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar fødd i Cirencester i Gloucestershire som vart olympisk meister og sette verdsrekord på 400 meter hekk i 1968.

Hemery voks for ein stor del opp i USA. I august 1966 vann han 110 m hekk under samveldeleikane i KingstonJamaica med tida 14,1 sekundar. Ein månad seinare rauk han ut or EM i Budapest i same øvinga med knapp margin.

I august 1968 sette Hemery britisk rekord i 400 meter hekk med 49,6 sekundar i London og melde seg med det på i favorittsjiktet til Sommar-OL 1968 i Mexico. I OL-semifinalane forbetra fyrst John Sherwood den britiske rekorden til 49,3, ei tid Hemery tangerte i den andre av semifinalane. Framom finalen på langhekken måtte mest alle åtte finalistane reknast som medaljekandidatar, sju av dei presterte semifinaletider frå 49,0 til 49,3. I finaleløpet imponerte Hemery kolossalt og flytta verdsrekorden på 400 meter hekk med sju tidels sekund til 48,12 og slo nummer to, tre og fire med ni tidels sekund.

Hemery sprang 110 meter hekk då han deltok EM 1969 i Aten. Han sikra seg der sølvmedaljen, 0,15 sekund bak den beste korthekkløparen i Europa gjennom fleire år, italienaren Eddy Ottoz. Året etter sette Hemery personleg rekord på korthekken med 13,4 og han forsvarte i Edinburgh samveldetittelen i same øvinga.

Under Sommar-OL 1972 i München kom Hemery i mål til bronse på 400 meter hekk på tida 48,52, eitt fattig hundredels sekund bak Ralph Mann frå USA. Vinnaren, John Akii-Bua frå Uganda, sletta Hemerys fire år gamle verdsrekord då han vart klokka inn på 47,82 sekundar. Seinare i leikane sprang Hemery den tredje etappen på det britiske laget som vann sølvmedaljen i 4 x 400 m stafett.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy