Hopp til innhald

Budapest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Budapest
hovudstad
Flagg
Symbol
Kallenamn: Donaus perle», «Dronninga av Donau», «Hjarta av Europa», «Fridomshovudstaden
Land  Ungarn
Fylke Budapest
Del av Sentral-Ungarn
Høgd 102 m
Areal 52 514 km²
Folketal 1 686 222 (1. januar 2024)
Grunnlagd 89 e.Kr.
Postnummer 1010–1239
Retningsnummer 061
Kart
Budapest
47°29′54″N 19°02′27″E / 47.498333333333°N 19.040833333333°E / 47.498333333333; 19.040833333333
Wikimedia Commons: Budapest

Budapest er hovudstad i Ungarn. Namnet er sett saman av namna på to byar, Buda og Pest, som ligg på kvar si side av elva Donau. Byen breier seg over eit areal på vel 500 kvadratkilometer. På Buda-sida ligg Gellert-berget med citadellet, borghaugen med det gigantiske slottskomplekset og bydelen bak Matthias-kyrkja. På den flate Pest-sida ligg parlamentet, forretningar og administrasjonsbygningar, dei praktfulle hovudgatene og dei store bustadkvartera. Byen hadde 1,7 millionar innbyggjarar i 2007.

Romarane grunnla byen Aquincum omkring år 89 evt., der ein keltisk by tidlegare hadde lege. Frå år 106 til 300-talet var Aquincum hovudstaden i den romerske provinsen Pannonia. Contra Aquincum (eller Trans Aquincum) var det noverande Pest.

Omkring år 900 kom magyarane, forfedrane til dei moderne ungararane, til området. I mellomalderen vart dei to byane Buda og Pest viktige. Buda vart sete for eit kongeleg slott i 1247, og i 1361 vart byen hovudstad i Ungarn. Pest vart øydelagd av mongolane i 1241, men vart fort oppattreist.

Det osmanske riket si erobring av Ungarn på 1500-talet avbraut veksten til byane: Pest fall til osmanane i 1526 og Buda fall 15 år seinare. Buda vart hovudstad for ein osmansk guvernør, medan Pest vart forlaten inntil habsburgarane tok seg inn byen i 1686.

Det var Pest, heimstad for administrasjon sidan 1723, som voks snøggast på 1700- og 1800-talet. I 1800 var Pest større enn Buda og Óbuda til saman. Folketalet til Pest 20-dobla seg på 1800-talet til 600 000, medan folketalet til Buda og Óbuda berre var 4 gonger større i 1900 enn i 1800.

Samanslåinga av dei tre byane under éi kommunal leiing, først gjennomført av den revolusjonære ungarske regjeringa i 1849, men endra tilbake av den habsburgske leiinga, vart til slutt slått fast av den ungarske kongelege regjeringa, etablert under den austerriksk-ungarske Ausgleich i 1867. Folketalet i den nye byen, Budapest, voks 7 gonger i storleik frå 1840 til 1900 til 730 000. Budapest var ein retteleg imperial by, ved at byen var hovudstad i den ungarske delen av Austerrike-Ungarn. Den ungarske regjeringa var ein viktig styringsreiskap for keisarriket. Mange av dei største bygningane i byen stammar frå 1800-talet

I løpet av 1900-talet voks folketalet særleg i forstadene. Folketalet i Újpest dobla seg frå 1890 til 1910 og Kispest firedobla seg frå 1900 til 1920, fordi det meste av industrien i landet vart lagt til byen. Landet sine store menneskelege tap i første verdskrigen og Ungarn sine tap av store landområde i 1920 var berre mellombelse problem. Byen var no hovudstad i eit mindre, men sjølvstendig land.

Omkring ein tredel av Budapest sine 200 000 jødar døydde i andre verdskrigen etter Tyskland sin okkupasjon i 1944. Budapest vart kraftig øydelagd under den sovjetiske omleiringa i 1944. Byen kom på fote att i 1950- og 1960-åra under den kommunistiske regjeringa, og vart delvis eit utstillingsvindauge for framvising av regjeringa sin meir pragmatiske politikk frå og med 1960-åra. Sidan 1980-åra og kommunismens fall har byen, som heile landet, vore ramma av fråflytting.

St. Stefans-basilikaen.

Historiske folketal

[endre | endre wikiteksten]
  • 1800: 54 200 innbyggjarar
  • 1830: 102 700
  • 1850: 178 000
  • 1880: 370 800
  • 1900: 733 400
  • 1925: 957 800
  • 1985: 2 000 007
  • 2002: 1 800 000

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Budapest
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy