Freising
Freising | |
---|---|
Mariendom i Freising | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Bayern Oberbayern Freising |
Grunnlagd | 700-talet |
Geografi | |
Flatevidd - By |
88,45 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
46 437 525/km² |
Koordinatar | 48°24′0″N 11°45′0″E / 48.40000°N 11.75000°E |
Høgd over havet | 448 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 85354, 85356 |
Telefon-retningsnummer | 08161 |
Bilnummer | FS |
Heimeside: www.freising.de |
Freising er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 45 000 innbyggjarar. Han er administrasjonssete landkreisen med same namn. Byen ligg nord for München ved elva Isar, nær Franz Josef Strauß internasjonale flyplass. Når ein landar på denne flyplassen ved München kan ein sjå byen i nord med sine to kjende åsar, domkyrkjeåsen med slottet til biskopen og Mariendom og åsen Weihenstephan med det eldste bryggeriet i verda.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Sjølv om ein har funne arkeologiske funn frå bronsealderen i området, har ein ikkje funne spor som viser vedvarande busetnad her før på 700-talet. St. Korbinian slo seg ned ved eit helgenskrin som alt eksisterte i Freising i 724. Han var forløparen til bispedømet Freising som vart oppretta etter hans død av St. Bonifatius. I følgje hans Vita av biskop Arbeo tvinga han ein bjørn til å bere bagasjen sin over Alpane etter at han hadde tatt livet av pakkhesten hans. Den sadla bjørnen er framleis eit symbol på byen, som mellom anna vert vist på byvåpenet, sjølv om sete for bispedømet vart flytta til München i 1821. Administrasjonen for bispedømet held derimot framleis til i Freising.
I 764-783 oppretta biskop Arbeo eit bibliotek og eit scriptorium ved klosteret, og busetnaden utvikla seg til eit religiøst senter.
I 996 fekk Freising byrettar av keisar Otto III. Etter at München vart grunnlagd 40 km lenger sør rundt 1150 vart Freising mindre økonomisk viktig. I 1159 vart den romanske domkyrkja bygd (med ei dyresøyle i krypten).
Under sekulariseringa i 1803 mista den romersk-katolske kyrkja mange av eigedomane sine og makta i byen.
Pave Benedikt XVI studerte i byen, var erkebiskop av München og Freising frå 1977 til 1982, og fører både byen sitt våpen og landkretsen sitt i sitt pavelege våpen.
Kjende personar
[endre | endre wikiteksten]- Otto av Freising (1112 - 1158), biskop.
- Benedikt XVI
- Ludwig Prandtl
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Freising» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juli 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- http://www.weihenstephan.org/~dioemuse/ Arkivert 2005-03-05 ved Wayback Machine.
- Bavarian state library
- http://www.3klangev.de Society for Music, Theatre and Art in Freising