Hopp til innhald

Sergej Tarasov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sergej Tarasov
Fødenamn Сергей Петрович Тарасов
Statsborgarskap Russland
Fødd 15. februar 1965 (59 år)
Staroalejskoje
Idrett skiskyting
Tok del i Skiskyting under Vinter-OL 1994 – Normaldistanse menn, Skiskyting under Vinter-OL 1994 – Sprint menn, Skiskyting under Vinter-OL 1994 – Stafett menn, biathlon at the 1998 Winter Olympics – men's relay
Utmerkingar Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse

Sergej Borisovitsj Tarasov (fødd 15. februar 1965) er ein russisk, tidlegare skiskyttar frå Staroalejskoje i Altaj kraj, som representerte Sovjetunionen og seinare Russland. Gjennom 1990-talet var han ein av dei aller beste skiskyttarane i verda, og sanka desse åra fire OL-medaljar og sju VM-medaljar.

Tarasov fekk ein sølvmedalje med Sovjetunionen sitt stafettlag då han i 1991 deltok i sitt fyrste verdsmeisterskap. To år seinare fekk han med heim til Russland to sølvmedaljar og ein bronsemedalje frå VM i skiskyting i Borovets. Under vinter-OL 1994Lillehammer skaut han på seg tre tilleggsminuttar, men med dagens beste langrennstid vann han likevel gullmedaljen; 3,4 sekundar føre toaren Frank Luck som representerte Tyskland. Seinare i leikane fekk Tarasov sitt tredje stafett-sølv, og i tillegg ein bronsemedalje på 10 km.

Under VM i skiskyting 1996 i Ruhpolding vart Tarasov verdsmeister både på 20 km og i 4 x 7,5 km stafett. Sidan tok han i 1997 eit VM-sølv på 12,5 km jaktstart, og i 1998 ein OL-bronse i stafett.

Perioden 1991-97 stod Tarasov fire gongar på toppen av sigerspallen etter verdscuprenn, og like mange gongar på høvesvis andre- og tredjeplass. Han tok sin fyrste verdscupsiger på ein 10 km i Ruhpolding i 1991, dei andre tre sigrane kom på 20 km, inkludert då han vann OL-gull i 1994 og VM-gull i 1996. I sin beste sesong i verdscupen i skiskyting, 1996, vart han totalt nummer seks.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy