Hopp til innhald

Váh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Váh
elv
Váh nær Piešťany
Land  Slovakia
Nedslagsfelt 10 640 km²
Lengd 403 km
Middelvassføring 196 /s
Kjelde Låge Tatra, Høge Tatra
Munning Donau
Kart
Váh
49°01′08″N 19°48′33″E / 49.0188°N 19.8091°E / 49.0188; 19.8091
Wikimedia Commons: Váh

Váh (tysk Waag;[1] ungarsk Vág;[2][3] polsk Wag[4]) er den lengste elva som renn heilt innanfor Slovakia. Ho er ei sideelv til Donau frå venstre og har ei lengd på 403 km, inkludert greina Čierny Váh. Ho har to kjelder, Biely Váh (Kvite Váh) og Čierny Váh (Svarte Váh), som ligg i respektive Høge Tatra og Låge Tatra. Elva renn nordover og vestover i Slovakia og munnar til slutt i Donau nær Komárno.

Frå venstre har ho sideelvane Demänovka, Revúca, Ľubochnianka, Turiec, Rajčanka og Nitra og frå høgre Belá, Orava, Varínka, Kysuca, Biela voda, Vlára, Dubová, Dudváh og Vesle Donau.

Elva består av kanalar og kunstige dammar (Čierny Váh, Liptovská Mara, Bešeňová, Krpeľany, Žilina, Hričov, Nosice, Sĺňava, Madunice, Kráľová og Selice) og det er bygd 16 vasskraftverk langs elva. Dei første vart bygd ut i 1930-åra og talet auka kraftig etter den andre verdskrigen. Den største motorvegen i Slovakia, D1, går langs Váh (BratislavaTrenčínPovažská BystricaŽilina og RužomberokPoprad), samt jernbanelinja BratislavaŽilinaKošice.

Av byar langs elva finn ein Liptovský Hrádok, Liptovský Mikuláš, Ružomberok, Vrútky, Žilina, Bytča, Považská Bystrica, Púchov, Ilava, Dubnica nad Váhom, Nemšová, Trenčín, Nové Mesto nad Váhom, Piešťany, Hlohovec, Sereď, Šaľa, Kolárovo og Komárno.

  1. The Cambridge Ancient History. Cambridge University Press. 1970. ISBN 0-521-26335-2
  2. Kocsis, Károly (2001). «Towns in Slovakia with absolute Hungarian majority». Ethnic Geography of the Hungarian Minorities in the Carpathian. s. 73. ISBN 193131375X. 
  3. Felbermann, Louis. Hungary and Its People. 
  4. Wag w Słowniku geograficznym Królestwa Polskiego i innych krajów słowiańskich.
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy