Donaueschingen
Donaueschingen | |
---|---|
Donaueschingen rundt år 1900 | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Baden-Württemberg Freiburg Schwarzwald-Baar-Kreis |
Først nemnd i | 889 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
104,63 km² |
Innbyggjarar - By (2012) - folketettleik |
21 088 202/km² |
Koordinatar | 47°57′0″N 8°30′0″E / 47.95000°N 8.50000°E |
Høgd over havet | 686 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 78166 |
Telefon-retningsnummer | 0771 |
Bilnummer | VS |
Heimeside: www.donaueschingen.de |
Donaueschingen er ein by i Tyskland sørvest i delstaten Baden-Württemberg med om lag 21 000 innbyggjarar. Byen ligg i landkreisen Schwarzwald-Baar nær kjelda til elva Donau. Han ligg 13 km sør for Villingen-Schwenningen, 24 km vest for Tuttlingen og om lag 30 km nord for den sveitsiske byen Schaffhausen.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Donaueschingen ligg på Baarplatået sør i Schwarzwald. Elvane Brigach og Breg renn her i saman og dannar elva Donau, som har gjeve namn til byen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart først nemnd som Donaueschingen i 889. I 1283 gav Rudolf von Habsburg grevskapet Baar og Donaueschingen til Heinrich von Fürstenberg, i tillegg til rettane til å bryggje øl. Dette er opphavet til bryggjeriet Fürstlich Fürstenbergische Brauerei. I 1488 gjekk byen til greven av Fürstenberg. Frå 1700-talet var Donaueschingen residens for fyrstane av Fürstenberg. I 1806 kom byen inn under Storhertugdømet Baden og fekk bystatus i 1810. Ein stor del av byen vart øydelagd av ein brann i 1908.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Donaueschingen» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juli 2007.